Hopp til innhold

Neteland om Fjord1-salet: – Dei skulle høyrt på meg

– Hadde fylkespolitikarane høyrt på meg, ville dei unngått kjempetabben det var å selje Fjord1-aksjane til Torghatten.

Dagfinn Neteland og Jenny Følling

Tidlegare toppsjef i Fjord1, Dagfinn Neteland (t, v), seier det var som forventa at Konkurransetilsynet har sagt nei Fjord1-salet til Torghatten. Her i heftig samtale med fylkesordførar Jenny Følling.

Foto: Grete Roska / NRK

Det seier tidlegare Fjord1-toppsjef Dagfinn Neteland som i desember i fjor, saman med styreleiaren i ferjeselskapet, gjekk av i protest mot fylkestinget sitt vedtak.

– I dag trur eg fylkespolitikarane angrar på at dei ikkje høyrde på kva eg sa, seier han.

Med ei røyst i overvekt vedtok fylkespolitikarane å selje aksjeposten sin i Fjord1, eit sal som frå første stund har vore svært omstridd og eit sal som Konkurransetilsynet nyleg sa nei til.

Eg trur fylkespolitikarane angrar på at dei ikkje høyrde på kva eg sa.

Dagfinn Neteland

Vondt blod

Supply-reiar og minoritetseigar i Fjord1, sunnmøringen Per Sævik, har heile tida hevda at han har forkjøpsrett på fylkeskommunen sin aksjepost. Han har saksøkt fylkeskommunen og rettssaka er sett opp i slutten av august.

– Fylkeskommunen ville unngått mykje vondt blod og turbulens ved å ha lytta til dei fornuftige råda vi gav. Saka er veldig trist, seier Neteland.

Er det ikkje etterpåklokskap du kjem med her?

– Nei, på ingen måte. Eg sa heile tida at det ville vere svært vanskeleg å få gjennomført fylkeskommunen sine planar.

Dagfinn Neteland og Reidar Sandal

Dagfinn Neteland (t.v.) er ikkje nådig i kritikken mot fylkestinget som vedtok å sele Fjord1-aksjane til Torghatten.

Foto: Grete Roska / NRK

Sjølv om fylkeskommunen sitt salsvedtak no er overprøvd av Konkurransetilsynet, angrar ikkje Neteland på at han trekte seg.

– Nei, det gjer eg på ingen måte. Slik situasjonen var, hadde vi ikkje noko val, seier han.

Provosert

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) er tydleg provosert over kritikken frå Neteland, men i intervjuet med NRK er ho rund i formuleringane.

– Fylkestinget valde det beste økonomiske tilbodet med den beste aksjonæravtalen som ville sikra hovudkontor i Florø. Så er det slik at Konkurransetilsynet også måtte godkjenne ein eventuell fusjon med Norled, seier ho.

Men kva kommentar har du til den harde kritikken frå Neteland?

– Vedtaket i fylkestinget vart gjort etter ein grundig prosess som har gått føre seg i to år. Saka skal opp i fylkesutvalet den 3. august, seier Følling som ikkje vil gje ytterlegare kommentarar.

Jenny Følling

Fylkesordførar Jenny Følling ønskjer ikkje å svare på om ho angrar på at Fjord1-aksjane vart selde til Torghatten.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Meiner Sævik må få kjøpe aksjane

Det einaste fornuftige for fylkeskommunen vil vere å selje aksjeposten sin til Per Sævik, meiner Neteland.

– Fylkespolitikarane har vedteke at dei ønskjer å selje og Sævik ønskjer å kjøpe. Det beste vil vere at partane blir samde. På den måten vil ein også unngå ei vond og opprivande rettssak, seier Neteland.

Jenny Følling ønskjer ikkje å kommentere om det kan vere aktuelt å selje Fjord1-aksjane til Sævik.