Hopp til innhold

Neteland blir ny Fjord1-direktør

Dagfinn Neteland er tilsett som ny administrerande direktør i Fjord1.

Dagfinn Neteland ny sjef i Fjord1

NY KONSERNDIREKTØR: Styret i Fjord1 har tilsett ny konserndirektør.

Foto: NRK / pressefoto

54-åringen frå Norheimsund kjem frå stillinga som regionleiar i Nordea, og tek over stillinga i Fjord1 etter Leif Øverland som er blitt leiar i Norsk Toppfotball.

Stig Kristoffersen har siste tida fungert som administrerande direktør i Fjord1.

Reidar Sandal

STYRELEIAR: Reidar Sandal.

Foto: NRK

– Neteland har omfattande erfaring frå finansnæringa og kjenner transportbransjen svært godt. Han har definitivt dei eigenskapane som trengst for å leie Fjord1 AS i tida framover, seier ein tilfreds styreleiar, Reidar Sandal.

Ville tilbake

Dagfinn Neteland har også tidlegare vore innom transportbransjen. 54-åringen vart Tide sin første konsernsjef, ein stilling han ifølgje ei pressemelding frå Fjord1 hadde frå 2005 til 2009.

Før det var han konsernsjef i HSD frå 2001 til 2005.

– Då moglegheita dukka opp, så kitla det litt i magen. Den næringa har eg lyst tilbake til og eg ser på Fjord1 som eit veldig spennande selskap som har gjort mykje rett i desse vanskelege åra for transportnæringa, seier han til NRK.

Gler seg

Neteland er utdanna ingeniør, med tilleggsutdanning i økonomi. Han har tidlegare vore administrerande direktør i Gjensidige Vest og konserndirektør i Gjensidige forsikring.

No gler han seg til å vere med å utvikle vidare Fjord1, som har hovudsete i Florø.

– Eg gler meg veldig. Jo meir det nærmar seg dess meir gler eg meg til å ta fatt i diskusjonane med tilsette, bli kjend med situasjonen og sjå kva vi kan få til, seier han.

Har utfordringar

54-åringen seier han ikkje har noko klare grep han vil gjennomføre når han no overtek direktørstolen.

Men han seier transportnæringa er ei næring som har endra seg mykje.

– Eg trur vi må ta innover oss at verda går veldig fort vidare. Vi må tilpasse oss. Næringa godt eksempel på. Det er kontinuerleg endring, og Fjord1 sikker komne langt men det er truleg noko må sjå vidare på, seier han.