NRK Meny
Normal

No er det NetCom som har problem...

Fleire NetCom-kundar i Stryn har vore utan mobildekning sidan kring klokka 23 onsdag.

Mot Stryn sentrum med snø i fjella

RÅKA IGJEN: Dei siste vekene har både Telenor og NetCom hatt problem med mobildekninga i Stryn kommune.

Foto: Hildegunn Hatledal

Tysdag var det Telenor-kundane i Stryn som mangla både summetone og internett. Det siste døgnet er det NetCom-kundane som er råka.

Kommunikasjonsrådgjevar Ellen Scheen seier dei har to basestasjonar som er ute. Ein ved Svarstadveten på Strynefjellet, og ein utanfor sentrum.

– Vi har problem med linjene vi leiger frå Telenor, men vi har ein basestasjon som strålar inn til Stryn sentrum, slik at det skal vere dekning der, seier Scheen til NRK.no.

Feilen vart meldt mellom klokka 23 og midnatt.

– Sidan det er Telenor sine linjer, så er det dei som må inn og rette feilen. Vi har fått rettetid til klokka 23 i kveld, seier ho.

– Det er eigentleg berre å beklage på det sterkaste overfor kundane vi har i området, og håpe på at feilen blir retta så raskt som råd, avsluttar Scheen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå