Hopp til innhold

Kristin Maurstad vann nestleiar-kampen mot «naboen»

FØRDE (NRK): To kvinner frå to nabokommunar kjempa om det nest høgste vervet i fylkes-Ap.

Kristin Maurstad får applaus

NYVALT: Kristin Maurstad får ståande applaus som nyvalt nestleiar i Sogn og Fjordane Ap. Motkandidat Siri Sandvik til venstre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det var siste valet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Neste år er dei slått saman til Vestlandet Ap saman med Hordaland.

Fleirtalet i redaksjonsnemnda innstilte at Kristin Maurstad skulle bli nestleiar. Eitt medlem i nemnda ville heller ha Siri Sandvik.

Maurstad er ordførar i Vågsøy, og har sete som studieleiar i fylkesstyret.

Sandvik kjem frå Eid, og har vore kvinnepolitisk leiar i fylkesstyret.

På fylkesårsmøtet kom det støttetalar til begge kandidatane.

– Modig midt i #metoo-stormen

Leiar Arnar Kvernevik i Gloppen Ap støtta Sandvik.

– Ho er ein modig og dyktig politikar. Ho var ein av dei som tidleg gav uttrykk for kva som måtte vere konsekvensane av varslingssakene i Ap. Ho har ikkje ei forhistorie ho må forsvare, men kan gå sjølvsikkert inn i framtida.

Sindre Hornnes som er leiar i AUF Sogn og Fjordane følgde opp:

– Sandvik har vore ein viktig støttespelar for oss. Ho har invitert oss inn i varmen i moderpartiet. Ho har vore eit førebilete for meg, og for oss i AUF Sogn og Fjordane.

Kari Valle i Sunnfjord Ap støtta også Sandvik.

– Vi har to dyktige kvinner til nestleiarvervet. Det er nærmast eit luksusproblem. Vi i Sunnfjord har hatt god støtte i Siri Sandvik.

Oppteljing av røyster

FINTELJING: Det vart halde skriftleg val på dei to nestleiar-kandidatane. Maurstad fekk 61 røyster. Sandvik fekk 46.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Kristin treng oss

Tove Lill Refvik Volle er lokallagsleiar i Vågsøy, og støtta sin eigen ordførar som den siste tida har stått i ein stormfull debatt omkring Kinn kommune.

– Vågsøy har aldri hatt ein så dyktig ordførar, er det politiske motstandarar som seier. Vi har stor tru på Kristin som nestleiar. Sogn og Fjordane Ap treng Kristin. Og Kristin treng oss.

Det vart gjennomført skriftleg votering. Oppteljinga synte at Maurstad fekk 61 røyster, medan Sandvik fekk 46.

Dermed vart Maurstad Sogn og Fjordane Ap sin siste nestleiar.

Sandvik omfamna Maurstad i ein klem i det resultatet vart lest opp.

Siri Sandvik klemmer Kristin Maurstad

GRATULASJON: Siri Sandvik gav Kristin Maurstad ein klem i det valet var avgjort.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Arnar Kvernevik føreslo då at Sandvik skulle attveljast som kvinnepolitisk leiar. Der hadde valnemnda innstilt Ragnhild Sæle frå Jølster.

Sæle svarte med å trekke seg sitt kandidatur, og kom med heilhjarta støtte til Sandvik.

Sandvik vart dermed samrøystes attvalt som kvinnepolitisk leiar.

Kampvotering mot venninna

Etter valet seier Maurstad til NRK at ho er letta.

– Eg set stor pris på at årsmøtet ønskte meg. Eg har veldig stor respekt for Siri, og er veldig glad for at ho held fram i styret.

– Korleis har det vore å konkurrere om det same vervet?

– Det er ikkje ein kjempekjekk situasjon å vere i ei kampvotering mot ei god venninne. Men vi har hatt god tone om det heile tida.

Hilmar Høl frå Årdal vart attvalt som fylkesleiar med ståande applaus frå salen.