Hopp til innhold

Nesten tomt for leigebilar

Streiken i Widerøe fører til stor pågang etter leigebilar ved flyplassane i fylket. Nordsjøarbeidar Einar Sandnes må køyre 20 mil frå Florø til Ålesund grunna streiken.

Einar Sandnes jaktar leigebil

VENTAR PÅ LEIGEBIL: Einar Sandnes treng leigebil for å rekke ein avtale i Ålesund.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I dag tidleg blei det klart at det 312 kabintilsette i Widerøe går ut i streik. Det råkar kring 400 avgangar og 11.000 passasjerar over heile landet i dag.

Streiken betyr at all flytrafikk til og frå Førde, Sandane, Sogndal og Florø blir stogga.

Men helikoptertrafikken frå Nordsjøen til Florø har kome inn som vanleg i dag. Dette har ført til problem for dei arbeidarane som skulle flyge vidare med Widerøe til andre stader i Norge.

– Bånn gass sidan klokka fem

Ved Avis i Sogn og Fjordane fortel dei om ein hektisk dag. Alle vil ha leigebil og dei har sendt av garde bilar mange stader.

– Dagen i dag har vore travel. Den byrja klokka fem med dei første telefonane. Då forstod eg at det var streik i Widerøe. Det har vore bånn gass sidan og vi har hatt mykje å gjere, seier Erik Olav Hagen som er dagleg leiar i Avis Sogn og Fjordane.

Ventar utolmodig

Ein av dei som trippa utålmodig etter leigebil er Einar Sandnes og ein kamerat.

– No skal eg ha leigebil til Ålesund der eg har avtale klokka 14 som eg må rekke. Eg berre håpar bilen er her så fort som mogeleg, seier Sandnes.

Han seier ein streik fører til store problem for dei som jobbar i Nordsjøen, særleg for dei som bur langt vekke og ikkje har moglegheit for leigebil.

– Eg veit også om folk som skal til utlandet og andre som har avtalar å rekke, seier han.

Byrjar å bli tomt

Erik Olav Hagen i Avis seier dei prøver å hjelpe alle som treng hjelp. Dei prøver å få folk til å køyre i lag og nokre må køyre pick up-ar og varebilar. Dei har hjelpt flypassasjerar både i Sogndal, Sandane og Førde, men pågangen er klart størst i Florø.

– Det er mange som skal heim frå plattformane og vi har nok sendt 30 bilar til destinasjonar utanfor Sogn og Fjordane, som til dømes Oslo, Bergen, Haugesund og Ålesund, seier han.

Også hos Europcar som har Førde og omland, har dei fått ein del telefonar. Stasjonssjef Geir Inge Kjøsnes seier dei var heldige fordi dei hadde ein del ekstra bilar frå Oslo og Bergen i området.

– No får kundane køyre desse tilbake til destinasjonen sin og dermed er både dei og vi glade. Vi prøver å hjelpe alle, men no byrjar det å bli tomt, seier Kjøsnes.

Tom rullebane i Florø

TOM: Her skulle Widerøe-flya ha letta og landa i dag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK