Hopp til innhold

Nesten risikofritt å tjuvfiske etter hummar

Trass i stadig fleire kontrollar er det nesten risikofritt å drive tjuvfiske av hummar.

Jørgen Ree Wiig

FANN ULOVLEG TEINE: Inspektør Jørgen Ree Wiig frå Fiskeridirektoratet set ut at hummar som er ulovleg fiska.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sjølv dei som kontrollerer seier det er lite sannsynleg at dei greier å ta lovbrytarane. Men politikarane er usikre på kva meir som kan gjerast.

Ein rogntung hummar blir kasta tilbake i havet utanfor Måløy. Denne gongen var det ein inspektør frå Fiskeridirektoratet som fann den i teina. Om bord i fartøyet Munin saumfarar Jørgen Ree Wiig norskekysten på jakt etter ulovlege hummarteiner. Likevel slepp dei fleste unna, meiner han.

– Vi dekkjer området frå Nordland til svenskegrensa. I tillegg har Kystvakta og politiet kontrollar. Men det er liten sjanse for å bli teken. Eigaren av denne teinar hadde uflaks at vi kom hit i dag.

UUU-fiske

Berre i 2012 beslagla båten 403 reiskapar og melde 193 tilfelle til politiet. Ein stor del av hummarfisket er såkalla UUU-fiske. Altså ulovleg, uregulert og urapportert. Hummarbestanden er på eit historisk lågt nivå, ifølgje Havforskingsinstituttet.

–Det er verdifull fangst å få. Kostar det 350 per kilo og du får nokre hummar, så lønner det seg, seier han.

Stadig fleire kontrollar

Ingrid Heggø

STRENGE REGLAR: Fiskeripolitiske talsperson Ingrid Heggø (Ap) seier det er viktig å få opp ein berekraftig bestand.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fiskeridirektoratet har auka talet på kontrollar dei siste åra, men ingen veit kor stort omfanget er eller kva som kan gjerast for å få bukt med tjuvfisket. Den ferske politiske leiinga i fiskeridepartementet ville ikkje kommentere saka. Men det gjer fiskeripolitiske talsperson Ingrid Heggø for Arbeidarpartiet.

– Det er viktig at vi får opp bestanden av hummar i landet vårt. Då må vi ha strenge reglar og kontrollar. Vi har heilt sikkert ikkje nok kontrollar, men det er viktig at vi får opp ein berekraftig bestand.

Prøver å trygge hummaren

Det er berre lov å fiske hummar i oktober og november i Sør-Norge, og ein månad ekstra nord for Sogn og Fjordane. Er den mindre enn 25 centimeter, eller med rogn skal den setjast ut att. Teinene skal ha fluktopningar på begge sider, og vere merka med namn og adresse.

Brot på ein eller fleire av desse reglane fører til politimelding og bøter opp mot titusenvis av kroner. Alt er forsøk på å trygge hummaren. Heggø fryktar det kan vere naudsynt med meir.

– Eg meiner Stoltenberg-regjeringa gjorde noko viktig med oppvekstsoner på Sørlandet. Kanskje det kan vere naudsynt andre stader også.

På sjøen utanfor Måløy har Jørgen Ree Wiig funne fem ulovlege teiner på ein time. No går turen vidare nordover. Han seier dei får tips frå vanlege folk om lovbrot. Dermed kan dei avdekke meir.

– Det er veldig stort engasjement for å ta vare på hummaren, seier han.

Tjuvfiske av hummar er eit alvorleg og stort problem langs kysten vår.
Kvart år blir det teke svært mange ulovlege hummarteinar.
Tjuvfangsten kan truge bestanden, men sjansen for å bli teken er liten.

SJÅ VIDEO: Her tek fiskeridirektoratet ulovlege hummarteiner. Foto: Heidi Lise Bakke. Redigering: Johan Moen