Hopp til innhold

Nesten ingen vil til Stad

Innbyggjarane i Vanylven vil heller ta del i ein storkommune nordover i ein ny Runde kommune, enn å gå i kompaniskap med Selje og Vågsøy i sør. Det viser førehandsrøystene til folkerøystinga om storkommune. 82,5 % vel retning nordover til Runde kommune, medan 5,9 % ser sørover til Stad kommune, melder Vanylven kommune.