Hopp til innhold

Nesten ingen vil bli ny Høgre-leiar

Leiar i Sogn og Fjordane Høgre, Bjørn Lødemel, er trygg på at partiet finn ein god erstattar for han.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H)
Foto: Oddleif Løset/NRK

– Vi har ei valnemnd som jobbar med å finne kandidatar. Eg har full tiltru til at dei klarer å finne ein kabal som kan bli spennande, seier han til NRK.no

Lødemel går av etter seks år som partileiar, men få av dei andre profilane i partiet er interesserte i å ta over vervet.

Firda skriv i dag at ingen tør spå kven som blir ny fylkesleiar etter Lødemel. Dei fremste profilane i partiet seier til avisa at dei sjølv er uaktuell.

Mange vil ikkje

Ordførar i Aurland, Noralv Distad, seier han har meir enn nok å gjere i dei verva han har. Heller ikkje glopparen Olin J. Henden ser på seg sjølv som aktuell. Det gjer heller ikkje Jacob Nødseth frå Florø. Fire andre seier også at dei ikkje vil, medan fire andre ikkje kontant avviser at dei kan vere eit nytt leiaremne.

– Kva trur du at så mange av dei som Firda har snakka med ikkje vil bli ny leiar?

– Vi fekk jo mange nye ordførarar ved førre val, og kanskje nokon tykkjer det blir for krevjande. Men det er jo ein spennande jobb og eg er sikker på at vi vil få ein god kandidat.

Mjømnen er klar

Berre noverande 1. nestleiar, Arve Mjømen frå Gulen, er open om at han ynskjer å stille som kandidat.

– Eg veit Mjømen har sagt han er interessert. Dersom valnemnda og partiet ønskjer å ha han, så har vi allereie ein kandidat. Eg veit han klarer å gjere den jobben dersom han får den tilliten han treng. Men valnemnda jobbar for å finne ut om fleire er interesserte.

Lødemel seier leiarjobben er spennande og folk bør hive seg på.

– Men det er klart at du skal ha tid og lyst for å gjere det. Folk får tyggje litt på dette framover. Det er ingen vits å lage noko dramatikk enn dette to månader før valet på ny leiar.