Hopp til innhold

Det er nesten ingen kvinner i dette yrket

ASKVOLL – VÆRLANDET (NRK): Cecilie (28) er ei av eit fåtal kvinner som jobbar som navigatør – eller styrmann. Av 243 navigatørar i landets to største ferjeselskap er det berre elleve kvinner.

Navigatør Cecilie Strand

NAVIGATØR: Cecilie Strand er ei av få kvinner som styrer ferjene til Fjord1.

Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK

– På fint heiter det vel navigatør, men eg seier styrmann. Då forstår folk kva det er. Men ein høyrer jo at det er eit mannsyrke berre av namnet.

Cecilie Strand har teke nautikkutdanning, og jobbar som navigatør på Fjord1-ferja Nordfjord som går mellom Askvoll og Værlandet. Det var Bygdeavisa 6980 som først omtalte saka.

– Eg trur det kanskje ikkje er så mange kvinner som veit at dei kan bli styrmann, for det har alltid vore mennene som jobbar på båtar, seier Strand.

Nesten ingen kvinner på brua

Personalsjef i Fjord1 Cicilie Færestrand opplyser at 3 av 128 fast tilsette navigatørar hos dei er kvinner. I Norled er 8 av 115 overstyrmenn på ferjene deira kvinner.

Færestrand forklarar det låge talet med at kvinner tradisjonelt ikkje har valt å utdanne seg i maritim retning.

Tal frå Samordna opptak viser at sjøen framleis lokkar flest menn. I 2018 hadde 355 menn maritime fag som førsteval, medan 52 kvinner hadde det same.

– Det vert framleis arbeidd for å auke rekrutteringa av kvinner til maritime yrke. Dette er eit langsiktig arbeid, skriv Færestrand.

Fordommar mot styrdamer

I kjølevatnet av Helge Ingstad-forliset har det kome ytringar om at kvinner ikkje er eigna som navigatørar.

– Det er heilt uakseptabelt, seier Jens Folland i Norsk Sjøoffisersforbund til at kvinner møter slike haldningar.

– Det er ikkje gamledagar lenger, då ein måtte vere fysisk skikka til å vri på eit stort treror. Av eiga erfaring som styrmann kan eg seie at kvinner og menn er like dyktige, seier Folland

Trass det låge talet kvinner bak ferjespakane, viser Folland til ei positiv utvikling i styrmannsbransjen.

– For 10–15 år sidan var talet på kvinnelege navigatørar 3–4 prosent. Det er gledeleg å sjå at tendensen no er aukande, og at det er rundt 12 prosent kvinner under utdanning.

Synest det er kjempetøft

Også navigatør Cecilie Strand har inntrykk av at det er fleire kvinner på båt enn tidlegare.

– På dette skiftet er vi faktisk 50 prosent kvinner. I tillegg til meg er det kvinneleg matros, seier ho.

Ho opplever reaksjonane på det utradisjonelle yrkesvalet som utelukkande positive.

Cecile Strand

SJØVAN: Cecilie Strand har vore på sjøen heile livet. Då ho var lita var ho med bestefaren og drog krabbeteiner.

Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK

– Eg tenker at det skal berre mangle. Vi kan jo klare det vi òg! Alle synest det er kjempetøft at eg har valt å gå denne vegen og tatt denne utdanninga. Dei fleste seier det er på tide at det kjem litt damer inn.

Navigatøren ser ingen grunn til at kvinner ikkje skal kunne styre skuta.

– Ein må vere observant og flink til å følge med. Eg trur dei fleste kunne fått det til viss dei ville.

Fjell ved Værlandet

VÊRHARDT: Turen til Værlandet går rett ut i ope hav, og når vêret er dårleg kan det bli røff sjø.

Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK