Hopp til innhold

Nesten heile laget scorar mål

Sogndal har ingen toppscorar, men så godt som heile laget scorar. Ti spelarar har sett inn eliteseriemål så langt.

Sogndal-jubel mot Molde

FIRE TOPPSCORARAR SAMLA: Lars Christian Kjemhus (lengst til venstre) jublar for eitt av sine to mål mot Molde. Han blir fylgt av tre andre toppscorarar, Babacar Sarr, Ole Amund Sveen og Martin Ramsland. Lengst til høgre Eirik Birkelund, som enno ikkje har seriemål.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Seks spelarar har notert seg for to mål kvar og deler dermed på tittelen som toppscorar for Sogndal. Fire andre spelarar har eitt mål kvar. Og då er spørsmålet: Er dette ein styrke eller ikkje?

– Normalt ville eg ha sagt at det er negativt at eit lag manglar ein desidert toppscorar, men når det gjeld Sogndal er eg ikkje så sikker.

Karl-Petter Løken

IMPONERT OVER SOGNDAL: Fotballekspert Karl-Petter Løken.

Foto: NRK

For Sogndal er først og fremst eit veldig godt kollektiv. Då er dei kanskje avhengige av at fleire kan score mål, seier fotballeksperten til NRK, Karl-Petter Løken.

– Saknar du ein desidert goalgetter hjå Sogndal?

– Det gjer sikkert Eirik Bakke, men dei plukkar jamnt med poeng. No har dei 21 poeng, og det ser veldig bra ut. Dei har opna haustsesongen svært godt med to strake sigrar, så eg ville ikkje vere veldig bekymra over mangelen på toppscorar.

Sogndal-trenar Eirik Bakke sin korte kommentar er at han ikkje bryr seg om kven som scorar måla, berre det blir scora nok til å vinne.

Dei seks spelarane som deler toppscorarstatusen i Sogndal er Mahatma Otoo, Martin Ramsland, Lars Christian Kjemhus, Christophe Psychè, Ole Amund Sveen og Babacar Sarr. Bjørn Inge Utvik, Gilbert Koomson, Kristian Fardal Opseth og Hannu Patronen har eitt mål kvar.

– Ramsland undervurdert

Eit lag som Lillestrøm har sin toppscorar i Fred Friday. Spissen står med åtte mål, mest av alle i eliteserien. Saman med to andre på LSK har han 17 mål, like mange som Sogndal har til saman. Likevel ligg Lillestrøm fire poeng bak Sogndal på tabellen.

Løken meiner at sjølv om ein spelar som Martin Ramsland berre står med to seriemål, så er han ein enormt verdfull spelar for Sogndal.

– Han er undervurdert. Han er ein tøffing som jobbar hardt og er ein veldig viktig lagspelar. Sjølv om han ikkje scorar flust med mål gjer han ein god og viktig jobb for laget. Han er ein spelar som går under radaren for mange, men han passar veldig godt inn i eit kollektiv som Sogndal.

Martin Ramsland

UNDERVURDERT: Martin Ramsland er ein svært verdfull spelar, sjølv om han berre står med to mål, seier Karl-Petter Løken.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

– Sogndal imponerer, men får det tøft fredag

Løken er imponert over det Eirik Bakke og Sogndal har fått til, ikkje berre i år.

– Dei greier seg godt mot alle lag, eg syntest dei var det beste laget også mot Rosenborg.

Men han trur Sogndal vil få det tøft komande fredag, når dei skal møte botnlaget Vålerenga på Ullevaal.

– Vålerenga er no ein gjeng med svoltne ulvar. Dei har vore litt uheldige i år og hatt mykje stang ut, sjølv om det ikkje er tilfeldig at dei ligg nest sist. Det blir ein heilt open kamp på Ullevaal.