NRK Meny
Normal

Nesten heile fylket utan straum

Nesten heile fylket er utan straum, og det kan ta lang tid før straumen kjem tilbake, opplyser Sogn og Fjordane energi og Sunnfjord Energi.

-Hovudproblemet er brot på SFE og Statnett sine liner. I tillegg har vi omfattande problem på vårt eige nett. Vi får stadig vekk informasjon om tre og anna som fell over linenettet og situasjonen er uoversiktleg, seier Olav Osvoll i Sunnfjord Energi.

Han legg til at at ein i første rekkje på ta omsyn til tryggleiken for personellet.

Stor risiko

-Det er frykteleg vind og mørkt. I ein slik situasjon er det forbunde med stor risiko å jobbe med nettet, seier han.

Også Sogn og Fjordane Energi slit med omfattande problem.

– Vi har mange feil fleire stader, og straumen kan bli vekke lenge, seier kommunikasjonsdirektør Kai Petter Sårheim i Sogn og Fjordane energi.

- Vi kjenner til feil i følgjande områder i Nordfjord og ytre Sunnfjord kl 22.30: Heile Gloppen, Stryn og Hornindal, deler av Eid, Vågsøy, Selje, Bremanger, Askvollog øyane utanfor Florø, opplyser Sårheim.

Sognekraft slått ut

Uvêret har råka Sogn og Fjordane hardt, og det er ikkje forsvarleg å sende ut mannskap for å rette alle feila. Mannskapet må vente til vinden har løya, og det betyr at straumen blir vekke til langt utpå morgondagen, opplyser Tor Ytri i Sognekraft.

-Sogndal, Leikanger og Balestrand er no heilt utan straum. Også delar av Vik er utan straum, seier Ytri

Det same gjeld resten av fylket.

Per no er straumen vekke også i kommunar som Stryn, Hornindal, Eid, Gloppen, Måløy, Førde. Straumen er også vekke i Sogndalsdalen og Fjærland.

Tek tid

Kraftselskapa har ikkje oversikt over kva som har skjedd, utover at det er mange feil og at det kan ta tid å retta opp alle feila. Folk må bu seg på at straumen blir vekke til i morgon.

Sognekraft er også råka internt, og per no er det ikkje mogeleg å kome i kontakt med vakttelefonen eller administrasjonen.

Store problem

- Det er fortsatt store problem med straumforsyninga på grunn av stormen som no er over oss. Vi har mange feil både på hovudnettet og distribusjonsnettet, og straumforsyninga er ustabil i heile fylket, seier Sårheim i SFE.

– I kveld og i natt vil vi prioritere å rette feila i hovudnettet. Byar og tettstadar vil sannsynlegvis få att straumforsyninga når stormen roar seg utover natta. Vi forventar at det også er mykje feil på distribusjonsnettet, men får ikkje fullstendig oversikt over dette før hovudnettet er kopla inn, held han fram.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen