Hopp til innhold

Nesten for fine til å ete

LEIRGULEN (NRK): Kakene til Carla er så fine at folk kvir seg på å ta seg eit stykke. Med marsipan og fondant tryllar ho fram dei finaste kakene. Men ho kan bruke opp til seks timar på å lage dei.

Carla Adrichem lagar marsipankaker og pynt av fondant som er så fine at folk nesten ikkje tør å ete dei.

Ho har som hobby å lage marsipan-kaker som ho pyntar med fondant. Foto/red: Heidi Lise Bakke

Carla Adrichem er frå Nederland og har budd i Leirgulen i Sogn og Fjordane i 12 år. Ho har fått seg ein triveleg hobby.

– Det byrja med at eg hadde lyst til å lage ei slik Barbie-kake til 50-årsdagen min.

Mest ein hobby - men får oppdrag

Då dei fekk kjøpe det gamle skulehuset i Leirgulen fekk ho seg sitt eige kakekjøkken. Der tryllar ho fram dei finaste kakene av marsipan og fondant.

Inni kaka har ho mykje krem og bringebærsyltetøy. Men det er pyntinga som er hennar spesialitet. På detaljane brukar ho fondant, som er ein seig sukkermasse som er mykje lettare å forme enn marsipan. Ho har skuffene fulle av remedier ho brukar til å lage pynten som skal vere oppå kaka.

For Carla er det mest ein hobby, men ho får bestillingar to-tre gonger i månaden frå folk som har runde dagar eller barnebursdagar. Når det er konfirmasjon, får ho mange oppdrag.

– I konfirmasjonstider er det mykje. Men eg klarer berre to for dagen maks.

Frost-kake

Her er ei av kakene Carla Adrichem har laga av fondant. Denne brukte ho nærmare ti timar på å lage.

Foto: Carla Adrichem / NRK

Lærte seg kakekunsten då ho hadde kreft

For fem år sidan hadde Carla aldri laga ei slik marsipankake før.

Men så fekk ho brystkreft samstundes som ho skulle feire 50-års-dagen sin. I fem veker var ho på Haukeland og der nytta ho tida til å vere inne på datamaskina og lære korleis ein lagar slike kaker. Ho brukte det ho såg som eit kurs, og ville gjerne lære å lage ei slik Barbie-kake.

I løpet av dei fem åra har ho samla mykje ulike former og utstyr ho kan lage pynt med. Ho nyttar ulike ting til å lage mønster i fondanten. Det er berre å bruke fantasien.

– Til å kjevle ut fondanten, brukar eg eit avløpsrøyr. Det er eit nytt avløpsrør då og det er billig, seier Carla og ler.

Røyret er så glatt at det er fint å bruke utan at fondanten klebar seg for mykje på.

Carla Adrichem sine kaker
Foto: Carla Adrichem / Nrk

Kjøkken-prinsesse

Carla tykkjer det ho driv med no er noko heilt anna enn det ho har gjort før, og det er terapi for ho. Før ho fekk brystkreft, jobba ho i fiskeindustrien i Bremanger. Carla Adrichem har tidlegare jobba hos IKEA i Amsterdam. Det var kjøkken som var hennar spesialitet. Der vart ho kalla "Kitscen-bitsh".

–Men her vil eg kalle meg kjøkken-prinsesse, seier ho smilande.

Ho har nemleg bygd opp sitt eige kakekjøkken som ho berre brukar til kake-laging.

I 1.etasje i det gamle skulehuset i Leirgulen kan ho stå uforstyrra i fleire timar. For ho kan bruke heilt opp i 6-8 timar på ei kake. Er det skikkeleg mange figurar på kake, kan talet kome opp i ti timar.

For fine til å ete

Men utfordringa er at kakene hennar nesten er for fine til å ete. Ho hadde eingong laga ei kake til ein konfirmasjon, og kaka stod urøyrt heilt til slutt.

– Eg lagar ikkje kake for at dei ikkje skal ete den.

Men denne kaka her er til ei veninne. Ho skal sjølv vere med på 50-års festen hennar, så ho skal sørge for at kaka blir spretta.

Men paradokset er at Carla har diebetes. Så det er ikkje store biten ho kan ete.

Sjå videoen nedanfor, så kan du sjå pyntinga av kaka til veninna si Thea.

Carla Adrichem lagar marsipankaker og pynt av fondant som er så fine at folk nesten ikkje tør å ete dei.

her kan du sjå video av korleis kaka blir til