Hopp til innhold

Nesten dødt løp i Balestrand

I Balestrand sa 297 av dei som røysta nei til kommunesamanslåing, medan 305 sa ja.

Balestrand

UKLARE RÅD: Folk i Balestrand er delt på midten i spørsmålet om kommunesamanslåing.

Foto: Alf Vidar Snæland

Men dersom det skal bli ei kommunesamanslåing er det klart fleirtal for å gå innover Sognefjorden mot Sogndal, Vik og Leikanger. 386 røyster eller 63 prosent gjekk inn for å gå saman med ein eller fleire av desse kommunane, medan 170 eller 28 prosent meiner Høyanger og/eller Hyllestad er det beste alternativet.

– Dette må vi tygge på

Ordførar Harald N. Offerdal seier det vart jamnare enn han hadde tenkt.

– Det er vanskeleg å tolke dette. Vi er i same situasjon som Jølster var, omtrent same forholdet mellom ja og nei. Dette må vi tygge på og sjå korleis vi skal handtere det vidare.

Resultata frå Vik og Leikanger, der det var klart nei-fleirtal, gjer at Offerdal er usikker på kor realistisk det er med ei samanslåing.

– Men resultatet i Balestrand er iallfall klart på retninga, dersom det blir samanslåing vil folk her innover.

Harald N. Offerdal

– JAMNARE ENN EG TENKTE: Ordførar Harald N. Offerdal i Balestrand seier han må tygge på resultatet frå folkerøystinga.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Tydeleg Nesse-signal

Resultatet for Nesse krins er kanskje det klaraste signalet til politikarane i Balestrand. 83 prosent av dei som røysta (62 røyster) sa ja til kommunesamanslåing, og dei aller fleste av dei (91 prosent), vil mot Høyanger.

– Det var veldig tydeleg signal, seier ordføraren.

– Ei sentraliseringsreform

Valdeltakinga var 57,3 prosent, høgast i Nesse krins med 68,8, Fjorden 68,5 og Sagatun (sentrum) 54,3 prosent. Og ordførar Offerdal er veldig nøgd med valdeltakinga.

Men han meiner resultata i dei folkerøystingane som har vore i Sogn måndag stadfestar det han sjølv meiner om kommunereforma.

– Eg ser på heile kommunereforma som ei sentraliseringsreform, og dette er nok eit svar frå distrikts-Norge på korleis det er lagt opp.

Her er resultat frå folkerøystingane i Sogn