For innan Espen Olsen sitt skot blei reflektert via Trond Leirgulen sin fot og i mål, hadde stryningane skapt ei rekkje store sjansar.
Både Per Ole, Steinar og Asbjørn Tenden burde sett Tenden-namnet på målskårarlista minst ein gong kvar, men avslutningane ville ikkje i mål.
Sterk opning
Etter ein voldsom opning frå Ham-Kam var stryningane fullt på høgde med tippeligalaget utover i første omgang, og då dei makta å halde 0-0 til pause, augna dei vel 600 tilskodarane håp om ei cupbombe.
Men trass i ei rekke store målsjansar i starten på andre omgang, vart det til slutt Espen Olsen og Ham-Kam som fekk utteljing i det 73. minutt.
Kreftene tok slutt
Etter det tok kreftene til stryningane slutt. Petter Vaagan Moen kunne laga 2-0 til gjestene heilt på tampen av kampen, men ein god reaksjonsredning frå Pål Erik Ytreeide gjorde at Ham-Kam berre fekk eitt mål på Stryn Stadion.