Hopp til innhold

Nesten antibiotikafri laks

Gode vaksiner har gjort den norske laksen nesten heilt fri for antibiotika.

Arkivfoto
Foto: Jon Eeg / Scanpix

Dei siste tjue åra har laksenæringa gått frå å bruke 40.000 kilo antibiotika til i underkant av 350 kilo i år. Og denne utviklinga er svært gledeleg for næringa.

Nesten antibiotikafri

Han har all grunn til å vere nøgd, vise- administrerande direktør Martin Øvrebø i Coast Seafood i Måløy. For laksen hans er saman med annan norsk laks nesten heilt antibiotikafri. Gode vaksiner har gjort fisken frisk.

Enormt antibiotikabruk

For 20 år sidan brukte vi 40.000 kg antibiotika på 50.000 tonn norsk laks. I dag brukar vi knappe 345 kg antiobiotika, og det på 12 gonger så mykje fisk. Markedsdirektør i Eksportutvalget for fisk, Christian B. Nordahl, trur friskmeldinga vil bety mykje for lakseeksporten.