Hopp til innhold

Nesten alt av setrer er lagde ned på 100 år

99 prosent av setrene er blitt borte i løpet av dei siste hundre åra.

Kalven seter

KALVEN: Oppland er det største seterfylket med vel 350 aktive setrar. Biletet er frå Kalven seter i sørenden av Lemonsjøen i Vågå.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

I byrjinga av 1900-talet regjerte budeiene i fjellheimen. Kring 100.000 setrer tok imot kyr, sauer og geiter som skulle gjere seg feite på sommarbeite.

I dag er det litt over 900 setrer i drift tilbake, melder NTB og viser til ei undersøking Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har gjort.

– No er det så få som driv tradisjonelt, at dei burde stått på raudlista, seier prosjektleiar senioringeniør Kari Stensgaard, til NIBIO si nettside.

Ikkje uventa

NIBIO har brukt over sju år på kartlegginga som viser at over 99 prosent av setrene som var i drift for hundre år sidan, no er borte frå Norges-kartet. Knapt 1.000 setrer blir nytta som hytter, medan 450 setrer står tomme og ubrukte.

Stensgaard seier at tala er som venta, sett i lys av strukturendringane i det norske landbruket siste åra.

– Følgjene er mykje bygningsmassar som forfell, seterlandskap som gror att og tradisjonskunnskap som går tapt, seier ho.

Hyttebruk

Nær seks av ti setrer som framleis eksisterer, er i dag til fritidsbruk. Mjølkeplassar og løer blir bytt ut med solcellepanel og terrassar.

– Driftsbygningen har mista funksjonen sin. Vårt materiale viser at seterstovene blir haldne ved like, medan løer, fjøs og ystehus er i sterkt forfall, seier Stensgaard.

Ved dei nær 1.700 registrerte setrene er sjølve seterstova bevart på tre firedelar av stølane. Ved kring halvparten er fjøsane intakte, medan berre ein fjerdedel har bevarte løer.

Lite turisme

Så kunne ein kanskje tru at turisme ville overta, og at budeia vart omskolert til vertskap. Slik er det i svært liten grad.

Mindre enn ein prosent av dagens setrer blir brukt til turisme i form av servering, formidling eller overnattingstilbod, ifølgje NIBIO-rapporten. Nokre få kombinerer tradisjonell seterdrift med turisme. Enkelte setrer med mjølkeproduksjon og ysting er også opne for besøkande.

I dag er mjølkeproduksjon ved fire prosent av dei aktive setrene. Tre av ti blir brukt til slått og beite.

Applauderer kartlegginga

Riksantikvaren har støtta overvakingsprogrammet og medverka med delfinansiering. Fungerande riksantikvar Marit Huuse applauderer arbeidet NIBIO har gjort.

– Sjølv om vi anar korleis utviklinga i seterområda er, gir registreringa oss konkrete tal, særleg om tilstand for bygningar og setervollar og bruken av setrane, seier Huuse til instituttet si nettside.

Stensgaard meiner at stølen kan spele i rolle i framtida.

– Eg har og von om at dei som bruker stølen til fritidsaktivitetar vil bidra med omsorg og bevaring av verdiane som setermiljøa står for, reflekterer ho.