Hopp til innhold

Nesten alle tilbake i jobb etter Vidre-konkurs

Eit halvt år etter at bussproduksjonsselskapet Vidre gjekk konkurs, er 27 av de 30 tidlegare tilsette tilbake i arbeid. Dei har vore særs attraktive å tilsette, seier Frode Henden, pressekontakt i NAV Sogn og Fjordane.

vidre

NØGD: Frode Henden i NAV er særs nøgd med at nesten alle dei tidlegare tilsette har kome seg i fast arbeid.

Foto: montasje

– Det har gått veldig bra. Her har nesten alle kome seg i fast eller mellombels arbeid nesten eit halvt år etterpå.

Berre et halvt år etter at bussproduksjonselskapet Vidre i Stryn kommune gjekk konkurs og 30 tilsette mista jobben, er no 27 av dei tilbake i arbeid. Henden trur det er fordi dei har vore særs attraktive for andre bedrifter.

Høg kompetanse

Henden seier at mykje av årsaka til at så mange har kome seg så raskt i arbeid, handlar om mykje og god kompetanse.

– Dei hadde noko å tilby som mange ville ha. Dessutan hadde bedrifta eit veldig godt rykte, med gode fagfolk, så næringslivet var heldigvis kjapt ute og sikra seg desse medarbeidarane, seier Henden.

Halvparten i fast jobb

Ordførar Sven Flo, Stryn vidaregåande skule

SKRYT AV NAV: Ordførar i Stryn, Sven Flo, seier NAV har gjort ein kjempejobb med å få dei tilsette tilbake i arbeid.

Foto: Birger Meland / NRK

Av dei tredve tidlegare tilsette, fekk meir enn halvparten fast jobb raskt. Seks går i midlertidige stillingar, og tre er framleis utan arbeid. Ordførar Sven Flo trur bedriftene i Stryn kommune har gjort mykje for å få desse ut i arbeid.

– Det viser at bedrifta i denne samanhengen har gjort ein kjempejobb med å tilrettelegge for ei god overføring etter at bedrifta vart slått konkurs. med å få dei tilsette i arbeid så raskt som mogleg, skryt Flo.

Fleire av dei tidlegare tilsette som NRK har vore i kontakt med, seier at dei er nøgde med korleis NAV Stryn har jobba for å hjelpe dei ut på arbeidsmarknaden.

No prøver NAV å finne arbeidsplass til de tre som framleis manglar jobb.

– Dei siste tre som er igjen vil vi bruke mykje ressursar på å hjelpe tilbake i arbeid, seier Henden.