Hopp til innhold

Nesten alle går tilbake, men ein miniputt aukar!

Trenden held fram for sju av åtte aviser i fylket. Alle går tilbake, og aller verst ser det ut for Sogn Avis.

Lokalaviser i Sogn og Fjordane

TILBAKE, TILBAKE, TILBAKE: Men ein av desse, Ytre Sogn Avis, har faktisk greidd å auke opplagstalet med 22 abonnentar.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er kraftige tal, og ein smell vi merkar. Vi er litt i same båt som dei fleste andre avisene på vår storleik. Det er tøffe tider i avisbransjen. Men biletet er ikkje heilsvart. Vi skal stoppe denne nedgangen, seier redaktør i Sogn Avis, Jan Inge Fardal.

For dei to store avisene i fylket, Sogn Avis og Firda, viser nettoopplaget for 2014 ein tilbakegang på høvesvis 386 og 338 i forhold til 2013. Også Nordfjord-avisene går tilbake, Fjordenes Tidende og Fjordingen med over 100.

Jan Inge Fardal

REDAKTØR: Jan Inge Fardal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Lågare opplag betyr lågare inntekter. Fardal seier at det ikkje er aktuelt å kutte tilsette eller utgivardagar i Sogn Avis, men vil heller sjå på bruk av overtid og vurderer å kutte ned på kva journalistar reiser ut for å dekke.

– Vår utfordring er at vi heng etter digitalt, no når papiravisa slit. Vi jobbar med ei betalingsløysing, men er ikkje del av eit større system og må gjere det sjølv, seier han.

Glad for mindre tilbakegang enn tidlegare

– Ein tilbakegang på 2,8 prosent er mindre enn tidlegare år. Firda kjem greitt ut i det nasjonale biletet. Alle aviser på vår storleik går tilbake. 338 er eit tal som held seg bra, seier Firda-redaktør Yngve Årdal.

Yngve Årdal,, Firda

FIRDA: Yngve Årdal

Foto: Johan Moen / NRK

Han vedgår likevel at lågare opplagstal betyr mykje mindre pengar i kassen.

– Dersom kvar enkelt legg att 2000 kroner i eit abonnement, seier det seg sjølv at inntektene går ned. Bransjen har tilpassa kostnadsnivået dei siste åra

Jublande glad redaktør

Rune Sviggum

RUNE SVIGGUM: Redaktør, Ytre Sogn

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Men ein stad i fylket kan redaktør i Ytre Sogn Avis, Rune Sviggum, juble over eit stigande opplagstal.

– Vi har visst om dette ei stund. Men dette er ein god dag, det er ingen ting å lure på!

Ifølgje redaktøren har Ytre Sogn har hatt eit stabilt opplag dei siste sju, åtte åra. Han trur avisa, som satsar på Høyanger, Hyllestad og delar av Gulen i sør, tener på å satse på å møte folk der dei er, på ulike arrangement.

– Det har lenge vore ei prioritert oppgåve for oss. Vi har plukka ut område vi dekkjer opp mot 100 prosent, i alle fall så godt vi kan. Det blir lagt merke til, seier Sviggum.

Opplagstal avisene i Sogn og Fjordane 2014

Aviser

Nettoopplag 2013

Nettoopplag

2014

Laussal

Resultat

Sogn og Fjordane

42331

41183

-1148

Firda

11972

11634

363

-338

Firda Tidend

3027

2977

126

-50

Firdaposten

4977

4871

245

-106

Fjordabladet

2626

2568

115

-58

Fjordenes Tidende

4775

4648

275

-127

Fjordingen

3979

3863

117

-116

Sogn Avis

9441

9055

293

-386

Ytre Sogn Avis

1534

1556

177

+22

Kjelde: Mediebedriftenes landsforening og Landslaget for lokalaviser

Ekspander/minimer faktaboks