Hopp til innhold

Nesten alle får byggje i strandsona

Nesten alle som har søkt om dispensasjon til å byggje i strandsona i Sogn og Fjordane dei siste fem åra har fått lov til det.

Strandsonen

FÅR BYGGJE: Nesten alle som søkjer om det får lov til å byggje i strandsona og andre sårbare område i Sogn og Fjordane.

Foto: Steinar Bauge

- Dette er svært urovekkjande, seier fylkesleiar i Naturvernforbundet Thorleif Jakobsen.

Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at svært mange får løyve til å byggje nybygg i strandsona i fjordfylket. Naturvernforbundet som har sett på tala er uroa.

Nesten alle får lov

Solund er den kommunen som har gitt flest dispensasjonar. Av 60 søknader om bygging i strandsona har 59 av desse fått dispensasjon. Også i Gulen, Askvoll og Flora har det blitt gitt grønt lys for ei rekkje dispensasjonssøknader.

Totalt i Sogn og Fjordane har 84 prosent av dei som har søkt om dispensasjon til bygging i strandsona og andre sårbare område fått løyve til nybygg.

- Kommunane må verte strengare

- Både med tanke på dyrelivet som vi veit lev i strandsona og omsynet til tilgjengelegheit for ålmenta er dette ikkje bra, seier Jakobsen til NRK.no.

- Men er det ikkje så mykje plass i strandsona at det er plass til både folk, dyr og nybygg? Må ein vere så strenge?

- Eg meiner kommunane burde vore endå strengare. På litt lengre sikt vert mange små inngrep store, seier Jakobsen og legg til:

- Når vi ser at så mange får dispensasjon bør ein kanskje stille seg spørsmålet om det er kommunane som skal få bestemme dette, eller om det er institusjonar på høgare nivå som skal ta avgjerdslene.