Lever fire år lenger på andre sida av tunnelen

AURLAND/LÆRDAL (NRK): Det einaste som skil dei er verdas lengste vegtunnel. Likevel lever menn i Lærdal fire år lenger enn artsfrendane på andre sida av tunnelen, i Aurland. – Det må vere potetene våre, flirer lærdøl.

Lærdalstunnelen

NABOAR: Berre Lærdalstunnelen skil dei to kommunane Aurland og Lærdal frå kvarandre.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Vi vart veldig overraska då vi såg at to mindre nabokommunar i Indre Sogn har så stor forskjell i forventa levetid for menn. Det er ganske spesielt, seier forskar Hans Johan Breidablik.

Hans Johan Breidablikk (t.h) i Samhandlingsbarometeret.

SAMHANDLING: Knut Ivar Osvoll (t.v.) og Hans Johan Breidablik (t.h) jobbar begge med Samhandlingsbarometeret i Sogn og Fjordane.

Foto: Ole-Kristian Førde / NRK

Funna kjem i ein ny rapport om forventa levealder for innbyggjarane i Sogn og Fjordane. I Lærdal har levealderen auka til 81,4 år, medan menn i Aurland knapt har hatt nokon auke over tid, og ligg på 77,6 år.

Graf frå Samhandlingsbarometeret sin undersøking for forventa levealder

STORE SKILNADAR: Grafen frå Samhandlingsbarometeret i Helse Førde viser ein stor skilnad i forventa levealder mellom menn i Aurland og Lærdal.

Foto: Samhandlingsbarometeret

Poteter og godt klima

På gata på Lærdalsøyri blir rapporten godt motteken blant dei eldre.

– Me har jo godt klima, men det burde dei for så vidt ha i Aurland også, men vi har vel betre helse og trenar meir, flirer ein lærdøl når NRK viser han rapporten.

Andre vi møter trur den høge forventa levealderen skuldast bygda si velkjente rotfrukt.

– Det må vere potetene, det må vere lærdalspotetene, humrar ein kar.

Ein tilflyttar frå Nord-Noreg, som har vore busett i Lærdal i mange år, støttar påstanden.

– Vi lever lenger fordi vi bur godt og har god mat, seier han.

Aurland og Lærdal gate

LIKE MEN ULIKE: Det er fleire likskapar mellom Aurland og Lærdal, men rapporten frå Samhandlingsbarometeret viser store forskjellar i forventa levealder i nabobygdene.

Foto: Ole-Kristian Førde

Overraskande

Forskar Hans Johan Breidablik ved Senter for Helseforsking i Helse Førde fortel at funna dei gjorde er oppsiktsvekkande, og at forskjellen er markant mellom dei to kommunane i indre Sogn.

– Det har vore ein kjend debatt i Oslo der det er store forskjellar mellom dei ulike bydelane, og gjerne opp mot sju år for menn. Men i eit homogent fylke som Sogn og Fjordane, og med to nabokommunar, så er det nokså spesielt at det er fire år skilnad mellom Aurland og Lærdal, seier forskaren.

- Det er berre ein tunnel som skil dei to kommunane. Kva kan vere årsaka til at forskjellen er så stor?

– Vi hentar statistikk, og kan derfor ikkje gjere greie for dei bakanforliggande årsakene. Vi veit at forskjell i levealder ofte er knytt til utdanning, inntekt og livsstil, så det går jo an å sjå på det. Men at det skulle vere genetiske forskjellar av betydning mellom Aurland og Lærdal, er nok ikkje til å forstå, forklarer Breidablik.

Hans Johan Breidablikk i Samhandlingsbarometeret.

SPESIELT: Hans Johan Breidablikk meiner det er spesielt at det er 4 år forskjell mellom Aurland og Lærdal.

Foto: Ole-Kristian Førde / NRK

Anleggsarbeid og skipstrafikk

På gata på Aurlandsvangen florerer også teoriane om kva som kan vere årsaka til dei dystre tala for den mannlege aurlendingen.

– Ein kan jo tenkje seg at anleggsutbygginga i Aurland har medført støv og forureining som kan ha spelt ei rolle, seier ein aurlending til NRK.

Den teorien deler ikkje ein anna aurlending vi treffer.

– No har vi kraftutbygging her og kraftutbygging i Lærdal, så kva er forskjellen? Vi har mykje skipstrafikk på sommaren i Flåm, og frå det kjem det ein del os og røyk. Kanskje kan det ha noko å seie, spekulerer aurlendingen.

Aurlendingane deler ikkje lærdølane sin teori om helsefremjande poteter i bygda på andre sida av tunnelen.

– Folk har det bra i Aurland, så eg skjønnar ikkje kvifor vi kjem så dårleg ut i denne rapporten, seier ein lokal mann.

Så det stemmer ikkje at det er noko spesielt i potetene i Lærdal?

– Nei, eg trur ikkje det, flirer han.