Hopp til innhold

Nesten 20 millionar meir i omsetnad

Førde sementvare auka omsetnaden med nesten 20 millionar kroner på eitt år, skriv Firda. – Det er høg aktivitet på alle område vi driv med, med mange vegprosjekt, bustadbygging, oppføring av leilegheitsbygg og oppgradering av tunnelar, seier dagleg leiar Lasse Opseth til avisa.