Hopp til innhold

Sjekk gradestokken - her er det 19,8 grader - og vi er i slutten av februar

Jens Brekke trudde mest ikkje sine eigne auga då han såg på gradestokken i ettermiddag. Nesten 20 grader synte målaren – og det var i skuggen.

Temperatur

NESTEN SOMMAR: 19,8 grader synte gradestokken til Jens Brekke i ettermiddag. Og det var i skuggen.

Foto: Jens Brekke

– Det er jo heilt fantastisk, seier Brekke, som bur midt mellom Vik og Vangsnes.

At det var mildt og godt ute, visste han frå før, men at gradestokken skulle syne nesten 20 grader, kom som eit sjokk.

– Eg sykla til Vik og heim att tidlegare i dag, og då hadde eg rett og slett kledd meg for godt. Eg hadde hue under sykkelhjelmen, men ho forsvann fort, ler Brekke, som helt utkikk etter hestehov i grøfta.

Snart sprett bjørka

– Eg såg ingen, men held desse temperaturane fram, så kjem dei nok ganske raskt. Og det gjer for så vidt bjørka også, seier Brekke, som nesten vil karakterisere det som sommartemperatur.

– Det er mildt og fint, så her er det duka for ettermiddagskaffi på verandaen, med utsyn over Sognefjorden, seier Brekke, som medan han er i telefonen med NRK får ein "gjest" på besøk.

Jens Brekke

HEITT OG GODT: Jens Brekke var ein av fleire sogningar som kunne nyte høge temperaturar tysdag.

Foto: Odd Inge Gjeraker

– Der kom jammen meg årets første fluge. Har du sett, seier Brekke.

Vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Anna Reistad, kan mest ikkje tru det er sant at Brekke har målt så høg temperatur i februar.

– Eg hadde kanskje venta opp i 15 grader, men nesten 20? Det er nesten ikkje til å tru. 20 er liksom litt meir Kanariøyane, seier Reistad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fluge i glaset

BESØK: Med sommartemperaturen kom også denne krabaten på besøk til Jens Brekke.

Foto: Jens Brekke

Kjem truleg frå Afrika

Men ho stadfestar at det er fønvind i området, og den kan ta med seg varmluft langt vekk ifrå.

– Denne varmen kan komme direkte frå Afrika. Det er einaste forklaringa eg klarar å komme med, seier Reistad.

Ho understrekar at det er svært, svært sjeldan at ein får så høge temperaturar i februar.

– Eg har aldri høyrt om liknande. Kan det vere at termometeret ikkje er heilt kalibrer? Uansett, finvêr er det berre å nyte, seier Reistad.

Anna Reistad

ALDRI HØYRT OM: Vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Anna Reistad, har aldri høyrt om liknande februartemperaturar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I dei næraste dagane vil det vere noko byeaktivitet, men vinden ser ut til å komme stabilt frå søraust, og det kan gi brukbart vêr likevel.

Lovar finvêr til helga

– Det blir ofte betre då. Men det er veldig vanskeleg å varsle nedbørsmengd når vinden står frå søraust, seier Reistad, som trur vi får nokre av-og-på byer dei neste dagane.

– Det ser ut til at det blir eit par grader lågare temperatur i morgon, men torsdag vert det om lag som i dag, seier Reistad.

For helga ser det svært så lovande ut på vêrfronten.

– Det ser ut til at vi får austleg vind og klarvêr. Det gir opphaldsvêr og til og med sol. Det blir også lite vind, så eg trur vi må seie at helga vert ganske bra, seier Reistad.

Klarvêr betyr også lågare temperaturar nattetid.

– Det blir truleg mellom minus to og minus åtte grader på natta, og dermed kan det vere glatt på vegane på morgonen. Men det får vi tole når vi får fint vêr, seier Reistad.