NRK Meny
Normal

Kjenner framleis godt til skaden, men vil ta EM-kravet

Marius Vedvik har hatt ei trøblete sesongopplading. Likevel går han «all in» for å klare sesongens første EM-krav neste helg.

Marius Vedvik - Førde Opp 2014

ARKIVFOTO: Marius Vedvik er litt usikker på kor mykje skaden har sett han tilbake. – Eg er nok sett litt tilbake, men ikkje mykje. Eigentleg er eg overraska over kor bra det har gått, seier han.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Under motbakkeløpet Vettisløpet i Øvre Årdal var det ikkje godt å sjå at førdianaren, som konkurrerer for Gular, har hatt eit lengre skadeavbrekk.

Marius Vedvik vann herreklassa med 18 sekund, og knuste like godt Vedvik Svein Inge Buhaug sin seks år gamle løyperekord med nær to minuttar.

– Sidan det er første gang eg er med, så har eg ikkje noko samanlikningsgrunnlag. Men eg tykkjer løpet var bra. Eg er nøgd, seier Vedvik.

Går for EM-kravet

Ein overbelastning i muskelfestet over kneet heldt langdistanseløparen vekke frå springinga i åtte veker. Det burde vere dårleg nytt for løparen som siste fem åra har hatt litt av ei lynkarriere.

Målet for i år var EM i Amsterdam i juli og OL i Rio de Janeiro i august. Til helga satsar han på å kvalifisere seg for det første målet. Han håpar også å nærme seg dei 20 beste under EM i terrengløp på slutten av sesongen.

– Eg går for å ta EM-kravet på halvmaraton i Venezia. Då må eg under 1.06, men det er realistisk ut frå svara eg har fått til no. Eg er i god form, og persen min er 1.04, seier han.

Leverte god etappe

Med skadeprega sesongoppkøyring har ikkje Vedvik fått køyrt treningsopplegget slik han ynskjer. Likevel leverte han ein sterk 4. etappe då Gular tok sølv under Holmenkollstafetten.

Og i Årdal vann han herreklassa med 18 sekund margin på Rune Opem (Dalebrand). Tida på dei ni kilometerane i motbakke vart 28:38.

– Skaden kjennest grei ut, men det går greitt når eg kjem opp i fart. Det er verre når eg spring seint og går. Men eg er betre, konstaterer han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser