Hopp til innhold

Neste år har dei planer om historiske prestasjonar

Siste stavtak er så vidt teke, men Gjøran Tefre og Torstein Bu veit kva dei vil. Neste år siktar dei seg inn mot ein historisk prestasjon – medalje på stafett.

Torstein Bu og Gjøran Tefre

MEDALJE: Etter to femteplassar på rad i NM-sprinten, siktar Gjøran Tefre og Torstein Bu seg inn mot NM-medalje neste sesong. På lagsprinten i helga slo Tefre og Bu langrennsesset Petter Northug Jr og broren Even Northug.

Foto: Einar Tefre

Dei to Førde-løparane har nettopp avslutta ein innhaldsrik langrennssesong.

Tefre avslutta sesongen med ein femteplass på lagsprinten og 24.-plass på ti kilometer klassisk under andre del av NM. Ein skade sette stoppar for deltaking på femmila.

– No treng kroppen kvile etter ein lang og god sesong. Det har vore mange høgdepunkt, skriv Tefre på Facebook.

Kjende medaljelukta

Sprint finaler.

STOD OVER: Ti kilometeren fredag vart Gjøran Tefre sitt siste løp for sesongen.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Langrennsløparen reiste til Alta for å «skvise sitronen for det som er att». Saman med Torstein Bu var Tefre lenge med i medaljekampen på stafetten. Like før mål vart Tefre sperra inne bak ein løpar som sprakk.

Dermed forsvann den sterke medaljelukta dei kjende gjennom det meste av stafetten.

– Personleg vart eg litt irritert over at det ikkje vart medalje, men det var stort for oss å vise at Førde er blant dei beste klubbane i landet på stafett. Det er ikkje reint lite når tradisjonsrike lag som Røa, Lillehammer og Byåsen er bak oss, seier Tefre.

Vil ta medalje på stafetten

Tefre løftar fram siger i Norgescupen, 14.-plass i verdscup og to 5.-plassar i NM som sesongens høgdepunkt. Sesongen første femteplass i NM kom på ti kilometer fri.

Neste sesong håpar Tefre på både individuell og stafettmedalje i skøyting.

– I skøyting og sprint er eg god nok til å ta individuell medalje. Held Torstein fram med å ta steg, og eg utviklar meg som skiløpar, så kan vi allereie neste sesong ta medalje på stafetten.

Lenge sidan sist

Det vil i så fall vere dei første medaljane til fylket på svært mange år. Ronny Hafsås (Stårheim) var den siste langrennsløparen som tok ei individuell NM-medalje for seniorar då han gjekk inn til sølv på 15 km fri i 2010.

NRK har ikkje klart å finne noko lokal stafettmedalje i nyare tid.

Ingrid Narum

HAR TRUA: Ingrid Narum både trur og håpar at Torstein Bu og Gjøran Tefre kan ta fylket si første NM-medalje på over ti år.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi får veldig mykje ut av det når vi går stafett saman. Om vi kan gå litt meir på taktikk og mindre på kontroll for å komme oss vidare, så er det eit tidsspørsmål før vi får stong inn, seier Tefre.

Etter to femteplassar på rad på sprintstafetten, trur administrasjonsleiar Ingrid Narum i Sogn og Fjordane skikrins at medalje kan vere innan rekkevidd neste sesong.

– Gjøran og Torstein er heilt klart medaljekandidatar på NM-lagsprinten neste år. Det viste dei i år, seier ho.

– Det er eg heilt samd i. Når vi no har to femteplassar, er det eit naturleg mål å kome seg opp på pallen neste år. Det er små marginar, men eg meiner vi er gode nok, seier Bu.