Hopp til innhold

Neste år blir det KM i futsal

KM i innandørsfotball blir til neste år erstatta av KM i futsal. Krinsleiar Robert Endestad er glad krinstinget støtta opp om spelarformer som han sjølv meiner er framtida.

Robert Endestad

FUTSAL: Robert Endestad fekk med seg krinstinget på å innføre KM i futsal for seniorane neste år.

Foto: Alf Vidar Snæland

– I futsal har du ein mjukare ball, det er ikkje lov med sklitaklingar og ikkje lov med veldig fysisk kontakt. Det fremmer den tekniske delen og farta i fotballen.

– Det er det som er framtida, og difor ønskjer vi å få prøve det i Sogn og Fjordane, seier han til NRK.no.

Fotballen i Sogn og Fjordane er i helga samla i Førde til krinsting og fotballen sine spelarformer er blant tinga som blir debattert. Forslaget frå krinsen var å innføre futsal i staden for vanleg innandørsfotball på KM for senior frå 2014, og det gjekk krinstinget samrøystes inn for.

– Eg er veldig godt nøgd med det, seier Endestad.

– Eit framtidsretta vedtak

I helga møtest 200 representantar frå fotballklubbane i Sogn og Fjordane for å diskutere fotballpolitiske spørsmål. I fjor vart det heftig debatt då fotballtinget gjekk inn for at 13- og 14-åringane berre skulle ha ni spelarar på bana.

I år håpar leiar i fotballkrinsen, Robert Endestad, at fotballtinget vil gå inn for å innføre fleire ulike spelarformer.

Blant spelarformene han meiner er komen for å bli er futsal. Endestad meiner dette er ein ny måte å spele fotball på, ei form som krev meir teknikk, fart og ein heilt anna touch.

– Ein speler på eit hardt golv, enten parkett eller vanleg handballgolv, ein brukar ein ball som er mjukare, og det er ikkje lov med så mykje kontakt. Dermed blir det ein meir teknisk form for fotball, seier han.

– Med vanleg innandørs fotball, med vanlege fotballreglar, opplever vi at det er ein del skader. Det er mykje tilfeldig, og ballen går i hytt og pine, seier Endestad.

At klubbane samrøystes gjekk inn for å erstatte innandørsfotballen med KM i futsal for damer og herrar på senior neste år, er han svært glad for.

– Eg synest dette er eit framtidsretta vedtak. Eg trur spelarane blir veldig nøgde med det, seier krinsleiaren til NRK.no.

– Ein veldig diskusjon

Forslaget om å innføre 3-ar, 5-ar, 7-ar, 9-ar og 11-ar fotball for dei eldste vekte dermed meir debatt.

– Der ønskte tinget at vi framleis skal ha 11-ar fotball for 13 og 14-åringane, jente og gut. Dette hadde vi ein veldig diskusjon på, og det var mellom 40 og 50 personar på talarstolen.

– Det vi enda ned på er same ordninga som i dag, pluss at vi innfører 3-ar fotball, seier Endestad.