Hopp til innhold

Nergård opna ny sildeoljefabrikk i Måløy

MÅLØY (NRK): I dag opna Nergård sin nye sildeoljefabrikk til 300 millionar kroner i Måløy.

Sildoljefabrikk

NY FABRIKK: Nergård har investert 300 millionar i sildeoljeproduksjon.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dette er ein fantastisk dag, og vi er utruleg glade for å vere i gang, seier konsernsjef Tommy Torvanger.

Den nye sildeoljefabrikken vil gi arbeid til 17 personar i Måløy. Fabrikken ligg vegg i vegg med ein allereie eksisterande sildeoljefabrikk i ei rekke med nyetableringar innan pelagisk fisk i Måløy.

– No håpar vi på så mykje aktivitet som mogleg framover. Vi håpar å ha så mykje fisk at vi kan drive fabrikken kontinuerleg framover, så lenge kolmulefisket går føre seg i første omgang, seier Torvanger.

Konfliktfylt

Etableringa i Ulvesundet skjedde ikkje utan konflikt. Konkurrenten Pelagia har hevda at det finst ein klausul for tomta. Våren 2009 vart det laga salsavtale mellom Måløy Sildoljefabrikk, seinare ein del av Pelagia, og Industriutvikling AS som seinare vart innfusjonert i Nergård.

Klausulen skal ha gått ut på at det ikkje skulle startast konkurrerande verksemd, som produksjon av fiskemjøl og fiskeolje.

Nergård Pelagic vann rettssaka mot Pelagia i Fjordane tingrett om å få lov til å drive med sildeoljeproduksjon ved tidlegare Ulvesund formelfabrikk.

Siste ord er ikkje sagt i saka, men det vil ikkje Torvanger tenke på i dag.

– I dag er vi berre glade for det vi har fått til, så får vi heller ta det andre på eit seinare tidspunkt.

Ny fabrikk

Ikkje før var snora klypt for den nye sildoljefabrikken før styreleiar og medeigar Arne Stang røpa at dei og planlegg eit nytt mottak for sild og makrell i Måløy.

Arne Stang

NY FABRIKK: Arne Stang er styreleiar i Nergård.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er høgst aktuelle planar. Dei er ikkje handsama i styret enno, men er under utarbeiding og er og eit viktig element i den sildeoljefabrikken vi har bygt her, seier Stang.

Mottaket vil få kring 17 fast tilsette i tillegg til mange sesongarbeidarar.

– Eg kan ikkje seie i dag nøyaktig når avgjerda blir teken, men det skjer i godt tid før sommaren, seier Stang.

Gode prisar

Tommy Torvanger

17 ARBEIDSPLASSAR: Tommy Torvanger er konsernsjef i Nergård.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes

Dei som i alle fall kan glede seg over at de har kome ein ny spelar på bana i sildeoljebransjen i Måløy tysdag, er fiskarane. Konkurransen syner igjen på prisane, til glede for den første båten som var å leverte fangsten sin til anlegget.

– Den fekk veldig godt betalt. Veldig, veldig godt betalt trur eg vi må kunne seie, men fisk må vi ha seier Torvanger.

Lite lukt

Produksjon av sildeolje har ikkje akkurat vore kjent for å lukte nysteikte vaflar, men Torvanger kan roe alle som fryktar for luktplager.

– Eg trur folk i Måløy vil oppdage at det har skjedd utruleg mykje på teknologisida for reinsing av både lukt og andre utslepp dei siste 50 åra. Det er ei heilt anna verd på ein moderne sildeoljefabrikk samanlikna med det som var i tidlegare tider, seier Torvanger.