UDI vil sende dei attende til Nord-Irak, men kurdarane kan ikkje tvingast til å reise. Dette fører til at mange kurdarar misser jobbane sine, og må leve på sosialen.
Ismail Salam Aziz er ein av over 2000 kurdiske asylsøkarar som har fått midlertidig opphalds- og arbeidsløyve i Norge. Han kom til Norge for snart tre år sidan, og har jobba ved skipsverftet Kleven i Førde sidan oktober i fjor.
I går fekk Ismail beskjed om at utlendingsdirektoratet tek frå han alle rettane i Norge om 14 dagar. Dette omfattar arbeids- og opphaldsløyve, rett til utdanning og sosial stønad. Denne beskjeden vil også 1000 andre kurdarar få.
Inga utleveringsavtale
Men UDI kan ikkje kaste Ismail og dei andre kurdarane ut av landet. Det finst nemleg inga utleveringsavtale mellom Norge og noko av dei landa som Kurdistan er ein del av, og då treng ikkje kurdarane reise heim dersom dei ikkje vil det.
Om to veker må Ismail slutte i jobben sin ved Kleven. Men sjølv om han ikkje har rett til sosial stønad, har Jølster kommune ansvaret for han, og dei må hjelpe han med pengar til å overleve. Så situasjonen er denne: Ein ung frisk mann som har fast jobb, misser jobben sin, og må gå på sosialen, noko som byr Ismail svært imot.
Kleven treng Ismail
Hovudtillitsmann ved Kleven Førde, Audun Grønnevik, skjønar ikkje logikken i UDI sitt arbeid. Kleven har vanskar med å skaffe seg nok arbeidskraft, og no kjem UDI og tek frå dei ein fagmann. Også produksjonsleiar ved Kleven, Kjell Foss, stadfestar at verksemda treng kvar mann dei kan få.
Dei om lag 1000 kurdarane misser arbeids- og opphaldsløyvet fordi UDI tvilar på at dei er dei dei gir seg ut for å vere. Flyktningekonsulent i Jølster, Brite Langvatn Grønfur, seier det er systemet som har ført til desse identitetsproblema og at Jølster kommune lenge har etterlyst retningliner for kva som skal skje med desse kurdarane.
Ministeren samd med UDI
Vår nye kommunalminister Erna Solberg gjekk tidleg ut og sa at ho ville opne for meir arbeidsinnvandring til Norge. Ho forsvarar vedtaket i UDI med at asylsøkjarar elles kan oppfatte Norge som ein stad der dei kan få jobb sjølv om dei ikkje får innvilga opphaldsløyve.
Det ironiske med denne saka er at flesteparten av kurdarane sannsynlegvis blir verande i Norge, som sosialklientar. Både FN og Amnesty International rapporterer om likvidasjonar, kidnappingar og borgarkrigsliknande tilstander, og kurdarane kan ikkje sendast attende til Irak.
Endar som sosialklientar
Erna Solberg seier styresmaktene jobbar for å få i stand avtalar som gjer det mogleg å sende kurdarar attende til Nord-Irak, men det er lite truleg at dette kjem i stand med det fyrste. Så Ismail og 1000 andre kurdarar som fram til no har jobba for føda, kjem snart til å bli sosialklientar. Og det skjer fordi dei skal vere eit avskrekkande eksempel for dei som ser for seg ei framtid i Norge.