NRK Meny
Normal

Nektar å trekkje seg som rådmann

Trass i at nesten halvparten av kommunepolitikarane i Sogndal ikkje har tillit til rådmann Jostein Aanestad, vil han ikkje trekkje seg.

Jostein Aanestad

NEKTAR: Jostein Aanestad nektar å trekkje seg som rådmann i Sogndal. Så lenge fleirtalet har tillit til meg, så held eg fram som rådmann, seier han.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er aldri noko kjekt å få mistillit mot seg, men eg er glad for at fleirtalet faktisk har tillit til meg, seier Aanestad.

Men avrøystinga som gav berre ei røyst i overvekt viser at tilliten er syltynn. Kan du halde fram som rådmann i ein slik situasjon?

– Ja, det kan eg. Det er fleirtalet som rår og fleirtalet har tillit til rådmannen.

Men i dei ulike rapportane som er lagde fram så har også du fått til dels massiv kritikk. Kva tenkjer du om det?

– Noko av kritikken som er komen er eg samd i og vi har lært av. Andre delar av vurderingane som er gjorde har eg sjølv andre vurderingar av. Dette er eg også informert kommunestyret om.

Dramatisk møte

Dramatikken var til å ta og føle på under kommunestyremøtet i Sogndal i dag då det vart reist mistillitsframlegg mot rådmannen. Det var Høgre, Frp, Venstre og KrF som fremja mistillitsforslaget.

Dei fire partia viste til at dei ikkje har tillit til korleis rådmannen har handtert dei langvarige og alvorlege arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern.

Det vart mellom anna vist til ein rapport som konkluderer med ei rekkje brot på lover og forskrifter i saka. Mistillitsforslaget fall med 12 mot 13 røyster.

– Ikkje lenger arbeidsmiljøproblem

Aanestad kunne tenkt seg at fleire hadde tillit til han, men er fornøgd med at eit samrøystes kommunestyre meiner dagens barnevernsteneste er god og at politikarane har tillit til Sogn barnevern. Rådmannen viser til at det ikkje lenger er arbeidsmiljøproblem i barnevernet.

– Arbeidsmiljøproblema vart løyste i løpet av 2016, seier han.

– Kva har du lært av denne saka?

– Hovudlærdomen er at når det oppstår ein arbeidsmiljøkonflikt, så er det viktig å ta tak i dette så tidleg som mogleg. På den måten får ein ei raskast mogleg løysing, seier Aanestad.

Vegopning på Bergum i Førde kommune