Holdingselskapet Alexela Sløvåg ankar dommen frå tingretten og
etter Vest Tank-ulykka i Gulen.Ankefristen var laurdag 14. desember, og Alexela Sløvåg sender ifølgje dagleg leiar Lars Narverud anken til Gulating lagmannsrett måndag 16. desember.
– Vi er ueinige i dommen frå tingretten. Vi som forsikra hadde ikkje noka vinning av sviket til tidlegare eigar Trond Emblem, seier dagleg leiar i Alexela Sløvåg Lars Narverud.
Anlegget blei
. Protector meinte i tingretten at Alexela ikkje har rett til forsikringspengar etter eksplosjonen på anlegget i Sløvåg i 2007, fordi den tidlegare eigaren, Trond Emblem, gav feilaktige opplysningar om Sløvåg-anlegget.Dette er
, men han har anka dommen til Høgsterett. Delen av dommen som omfattar forsikringssvindel er likevel rettskraftig.- LES OGSÅ:
Det estisk-eigde selskapet Alexela meiner at eventuelle straffbare handlingar som tidlegare eigar har utført, ikkje tek frå dei retten til forsikring. Tingretten såg i sin dom på tidlegare eigar Trond Emblem som forsikringstakaren.
Bakgrunnen for saka er eksplosjonen i to tankar på anlegget i Sløvåg, heilt sør i Sogn og Fjordane, 24. mai 2007. Eksplosjonen var årsak til store materielle skader. Fleire av arbeidarane ved anlegget blei skadde. I tillegg fekk fleire hundre personar i området rundt Sløvåg store helseplager i form av blant anna kvalme, hovudverk og irritasjon på hud og auge.