Rysta
Styreleiar i Stad Skipstunnel AS, Jan Helgøy, er rysta over at fiskeriministeren nektar å kommentere feil. Han karakteriserer dette som uhøyrt og finn det oppsiktsvekkande at departementet ikkje vil forsvare det dei har skrive i budsjettframlegget.
Faktiske feil
Avdelingssjef Arnold Jacobsen i Kystverket, som var kvaliltetsleder for foprosjektet om Stadtunnelen, er oppgitt over måten Fiskeridepartementet har brukt opplysningar i forprosjektet på.
Han påviste både faktiske feil, og at informasjon er snudd på hovudet i omtalen av tunnelen i statsbudsjettet. Men dette vil altså ikkje fiskeriminister Svein Ludvigsen, eller nokon andre i Fiskeridepartemente kommentere. Og det meiner Helgøy er svært oppsiktsvekkjande.
Vere eller ikkje vere
Jan Helgøy forstår ikkje at departementet får seg til å så tvil om at hurtigbåtruta blir utvida dersom tunnelen blir bygd. Som styreleiar har han fleire gonger vore i kontakt med Fylkesbaatane, og dei ligg og ventar på ei avklaring.
Helgøy seier det no er eit vere eller ikkje vere for tunnelprosjektet.
– Departementet ikkje negativt
Stortingsrepresentant Sverre Hoddevik avviser at faktiske feil og merkeleg informasjon om Stad skipstunnel i statsbudsjettet betyr at departementet er negative til tunnelen. Hoddevik meiner feila ikkje har nok å seia for det vidare arbeidet med tunnelen.