I ettermiddag, etter ulike foredrag om gruvedrift, var det klart for aktivitetsdag for dei 250 ungdomane som er samla til Natur og Ungdom sin sommarleir.
I år er leiren lagt til Vevring, der organisasjonen skal protestere mot regjeringa sitt ja til gruvedrift i Engebøfjellet med tilhøyrande sjødeponi i Førdefjorden.
Med alt frå fjellturar, fisketurar og sykkelturar, til opplæring i aksjonar og demonstrasjonar, hadde ungdomen nok å velje i.
Ei lita eksklusiv gruppe på rundt ti personar gjekk for protestpadling med kajakk. Førdefjorden bada i sol, men på same tid blåste vinden sjøen kvit lenger ute. Padlarane i alderen 14–20 år heldt seg difor nære land.
– Vi padlar i den reine Førdefjorden for å vise at her finst så mykje verdiar vi kan bruke, utan gruvedrift og avfall, seier Anna Olerud medan ho gir dei siste instruksjonane til gjengen som skal padle.
– Vi vil vise at vi set veldig stor pris på Førdefjorden utan sjødeponi, seier Erlend Hovdhaugen.
Gruveprosjektet i Naustdal er svært omstridd. Gruvemotstandarane legg vekt på skadane på fjorden og livet i fjorden, medan tilhengarane meiner dei miljømessige konsekvensane kan forsvarast i lys av arbeidsplassane og veksten i lokalmiljøet.
Laurdag blir det både kulturinnslag og debatt på sommarleiren. I debatten deltek tre partileiarar, og både motstandarar og tilhengarar av gruveprosjektet er i panelet.