Hopp til innhold

Nektar å gje opp gruvekampen

– Vi padlar i den reine Førdefjorden for å vise at her er så mykje verdiar utan at vi treng gruvedrift og sjødeponi, seier Anna Olerud, «padlesjef» for dagen.

Natur og Ungdom
Foto: Eirik Hildal / NRK

I ettermiddag, etter ulike foredrag om gruvedrift, var det klart for aktivitetsdag for dei 250 ungdomane som er samla til Natur og Ungdom sin sommarleir.

I år er leiren lagt til Vevring, der organisasjonen skal protestere mot regjeringa sitt ja til gruvedrift i Engebøfjellet med tilhøyrande sjødeponi i Førdefjorden.

Med alt frå fjellturar, fisketurar og sykkelturar, til opplæring i aksjonar og demonstrasjonar, hadde ungdomen nok å velje i.

Ei lita eksklusiv gruppe på rundt ti personar gjekk for protestpadling med kajakk. Førdefjorden bada i sol, men på same tid blåste vinden sjøen kvit lenger ute. Padlarane i alderen 14–20 år heldt seg difor nære land.

– Vi padlar i den reine Førdefjorden for å vise at her finst så mykje verdiar vi kan bruke, utan gruvedrift og avfall, seier Anna Olerud medan ho gir dei siste instruksjonane til gjengen som skal padle.

Erlend Hovdhaugen og Eva Johanne Rotevatn

KLARE: Leirdeltakarane Erlend Hovdhaugen og Eva Johanne Rotevatn før protestpadlinga.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Vi vil vise at vi set veldig stor pris på Førdefjorden utan sjødeponi, seier Erlend Hovdhaugen.

Gruveprosjektet i Naustdal er svært omstridd. Gruvemotstandarane legg vekt på skadane på fjorden og livet i fjorden, medan tilhengarane meiner dei miljømessige konsekvensane kan forsvarast i lys av arbeidsplassane og veksten i lokalmiljøet.

Laurdag blir det både kulturinnslag og debatt på sommarleiren. I debatten deltek tre partileiarar, og både motstandarar og tilhengarar av gruveprosjektet er i panelet.