Hopp til innhold

Nektar å gje opp kampen for E16 Filefjell

Årdal-ordførar Arild Ingar Lægreid meiner slaget om E16 som stamveg mellom aust og vest slett ikkje er tapt.

Arild Ingar Lægreid

POSISJON: - Årdal ligg der det ligg, og for oss er E16 viktigaste vegen mellom aust og vest, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– For Årdal er det E16 frå Tyinkrysset via Fagernes til Oslo som er stamveg. Vi kjempar for riksveg 53 til Tyinkrysset og vidare vil vi slåss for E16 Bergen-Oslo, seier Lægreid.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen sa fredag at han vil satse på E134 over Haukeli som ny hovudveg mellom aust og vest. Regjeringa har ikkje klart å bestemme om riksveg 7 Hardangervidda eller riksveg 52 over Hemsedal skal prioriterast som den andre hovudvegen.

Vil slåst vidare

– Eg har sete i stamvegutvalet i 13 år, og dei har jobba i mange fleire år. Vi vil slåst vidare for utbetringar på E16, seier Lægreid.

Så du trur ikkje slaget er tapt?

Nei, det trur eg ikkje, seier Lægreid.

Den endelege avgjerda skal takast i Nasjonal transportplan, men tilrådinga til samferdselsministeren står klar.

Solvik-Olsen seier E134 er valt fordi den for det første ivaretek den sørlege delen av Vestlandet.

Skal vere beredskapsveg

Valet av hovudveg nummer to vil ta tid, og statsråden sender no ballen tilbake til Statens vegvesen. Han ønskjer ei vidare utgreiing av både riksveg 7 og riksveg 52. E16 er derimot ikkje med lenger, ifølgje statsråden.

– Det er mogleg å redusere reisetida meir eller mindre på alle strekningane, men E16 er for lang og vert valt vekk. Likevel skal den utbetrast og fungere som ein beredskapsveg vinterstid, seier Solvik-Olsen.

Å jobbe med vegar er langsiktig arbeid, og det er mange kampar. For oss er det E16 som er stamvegen til Oslo uansett status. Eg tykkjer det er rart at E16 ikkje er med, all den tid vegen er ganske god, seier Lægreid.