Hopp til innhold

Lensmann nektar å gå væpna i 17. mai-toget

VIK I SOGN (NRK): Lensmann Ove Andersen i Vik har bestemt seg for å bryte tradisjonen med å gå først i 17. mai-toget. Han nektar å gå væpna på borna sin store festdag.

Ove Andersen i 17. mai-toget 2014

IKKJE I ÅR: Her marsjerer lensmann Ove Andersen fremst i 17. mai-toget i Vik i Sogn i fjor. Slik blir det ikkje i år.

Politiet har framleis ståande ordre om generell væpning ut frå PST si trusselvurdering. Dette tek no lensmannen i sognekommunen no konsekvensen av.

– Eg kan ikkje sjå at festdagen for ungane og bygdefolket elles skal vere prega av eit uniformert politi som også har våpen på seg. Det tykkjer eg ikkje passar seg på vår festdag, seier Andersen til NRK.

Trur borna vil tykkje det er ekkelt

– Kva slags signal vil det gje at ein lensmann går med våpen i beltet i festtoget?

– Eg er sikker på at særleg ungane kjem til å reagere på dette og tykkje at det er litt ekkelt at det er folk som går rundt med våpen på uniforma. Det tykkjer eg ikkje noko om, seier Andersen.

Han fortel at han har snakka med mange kollegaer som føler det same rundt det å skulle gå væpna som politimann på nasjonaldagen.

– Dette er vår festdag og at våpen kjem inn på festdagen er beklageleg. Eg har full forståing for dei vurderingane som er gjort sentralt, men ikkje i Vik, seier lensmannen.

Vil ikkje gå med våpen

I Vik i Sogn blir det i år nokon andre som må gå først i toget, og om væpninga av norsk politi skulle bli meir langvarig eller permanent, så har lensmann Ove Andersen bestemt seg.

– Eg vil ikkje på noko tidspunkt ombestemme meg. 17. mai-toget i Vik skal vere utan væpna politifolk, seier Andersen.

Politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, har godteke avgjerda til lensmannen om å droppe tradisjonen med å gå fremst i toget.

– Han har gjort ei vurdering som han har formidla til 17. mai-komiteen. Basert på det han seier om situasjonen, så har eg akseptert den, seier Iden.

Lensmann i Vik, Ove Andersen

VIL IKKJE GÅ MED VÅPEN: Lensmann Ove Andersen i Vik i Sogn har bestemt seg for å droppe 17. mai-toget i år.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Truleg første gong

Politimeisteren syner til at det i minst mogleg grad skal vere synleg væpna politi på nasjonaldagen.

– Men det som er bestemt er at den ordinære væpninga av norsk politi er gjeldande og ein må førebu seg på at ein ser væpna politi også på 17. mai, men ikkje i toget, seier Iden.

Politihistorikar Jon Kvikne sa nyleg til VG at det truleg er første gong i fredstid at norsk politi er væpna på nasjonaldagen.

– Eg må ta eit lite atterhald, men eg kjenner historia ganske godt. Kanskje under krigen, sa Kvikne til avisa.