Hopp til innhold

Moods held hemmeleg kvar dyre moteklede blir produsert

Moods of Norway nektar å fortelje kva fabrikkar dei brukar i produksjonen av dei dyre merkekleda dei har oppnådd stor suksess med.

Moods of norway vil ikkje svare kor klede vert produsert.

Moods of Norway Vil ikkje fortelje kva fabrikkar dei brukar.

Det norske klesmerket har gjort stor suksess på kort tid, og mellom anna kledd opp den norske OL-troppen og Kronprinsparet.

Så godt som all produksjon skjer i utlandet, men kva fabrikkane heiter og kvar dei ligg i dei ulike landa er hemmeleg.

– Ingen kan garantere alt

Dei siste vekene har debatten gått om korleis internasjonal tekstilindustri opererer i utlandet. Brannar og avsløringar av dårlege arbeidstilhøve har set motebransjen under press.

I ti dagar nekta strynebedrifta å la seg intervjue, men no stiller styreleiar Nils Are Karstad Lysø opp. Så godt som all produksjon skjer ved totalt 50 ulike fabrikkar i utlandet, mellom anna i India, Kina og Tyrkia.

– I all ærlegheit, det er jo ingen som kan garantere alt. Det ville ikkje vore seriøst å prøve å påstå. Det eg kan garantere er at dersom forbrukaren kjøper original vare så kjøper dei av nokon som jobbar systematisk og hardt med å sikre gode tilhøve på fabrikkane, seier Karstad Lysø til NRK.

Tener gode pengar

I eit inferno på ein tekstilfabrikk utanfor hovudstaden Dhaka i Bangladesh i november mista 110 arbeidarar mista livet. Moods of Norway er ikkje i landet, men avsløringar av farlege fabrikkar i fleire land har vekt debatt om bransjen gjer nok for å sikre gode arbeidstilhøve. Moods of Norway vedgår no at dei aldri har vore innom vel 20 prosent av fabrikkane som produserer deira varer.

Moods 2013

KJEND STIL: Her presenterer Simen Staalnacke (t.v.) og Peder Børresen Moods of Norway sin vårkolleksjon for 2013 tidlegare i år.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Vi har besøkt om lag 80 prosent av produksjonen vår det siste året, vi må prioritere litt vi også. Våre tilsette har gjort meir enn 100 reiser til våre fabrikkar berre det siste året. Det er ganske mykje for ei lita bedrift frå Stryn, fortel styreleiaren.

Men grunderane har i alle fall prioritert å tene pengar, i fjor hadde dei eit driftsresultat på nesten 100 millionar kroner. Under OL i London i sommar kledde dei opp den norske troppen og kronprinsparet.

– Berre opptekne av sal

Leiar i organisasjonen Fremtiden i våre hender, Arild Hermstad, er ikkje imponert over at Moods nektar å fortelje kva fabrikkar dei brukar.

– Bedriftene eller selskapa er eigentleg berre opptekne av å selje kleda i butikken, hevdar Hermstad.

Han har jobba i årevis med problemstillingar kring etisk handel. Han meiner klesbransjen er ekstremt marknadsretta, men fokuset på å selge klede går utover det å sikre ein etisk forsvarleg produksjon.

Sommer OL i London 2012

GULL I OL: Her poserer gullpadlar Erik Verås Larsen saman med kona i Moods of Norway sitt antrekk til London-OL.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Uakseptabelt

– Dei har berre lyst å vise fram det endelege plagget og dei forsøker å skubbe under teppet korleis kleda blir produsert. Det betyr at ein ikkje kan ha nokon garanti for at desse er produsert på ein verdig måte. Både i Kina og India veit vi at det ofte er svært lange arbeidsdagar, det er veldig ofte dårleg løn og i nokon tilfelle så er det direkte livsfarlege arbeidstilhøve på nokon av desse fabrikkane, seier Hermstad og legg til at han synes dette er heilt uakseptabelt.

Arild Hermstad

KRITISK: Arild Hermstad.

Foto: Øijord, Thomas Winje / NTB scanpix

Hermstad meiner forbrukarane må få vite på kva fabrikkar kleda blir laga, og at ein då har moglegheita som ein uavhengig aktør til å oppsøkje fabrikkane.

– Ein kan vere med å hjelpe Moods of Norway med å sjekke at arbeidstilhøva er gode. Erfaringane tilseier at dette går veldig bra med dei som gjer det, seier leiaren i Fremtiden i våre hender.

– Spesiell situasjon

Men styreleiar i Moods of Norway, Are Karstad Lysø, meiner at dei er opne nok når dei vel å fortelje kva land kleda blir produsert i.

– Det oppdaterer vi kvart år og det ligg på nettet. Vi er også opne om kva krav vi stiller til våre leverandørar. Men når det kjem til det spørsmålet om å utlevere fullt namn og adresse til alle fabrikkane våre, så er Moods of Norway i ein veldig spesiell situasjon.

– Kvifor?

– Fordi Simen og dei andre gründarane har klart å skape ei merkevare som piratar i både Europa og Asia i aukande grad kopierer. Vi fryktar at dersom vi legg ut fullt namn og adresse til fabrikkane så kan vi utsetje arbeidarane for press, meiner styreleiaren.

– Vi har investert veldig mykje i å byggje ein organisasjon med masse kompetanse og ressursar til å følgje opp fabrikkane tettare og tettare. Så dette er ein pågåande prosess for oss også, avsluttar Karstad Lysø.