- Eg tek ikkje magasinet i bruk før vi er hundre prosent trygge, seier fylkesarkivar Gunnar Urtegaard.
Fylkeshuset på Hermansverk.
Tek ingen sjansar
Han har storflaumen i november friskt i minne. Då gjekk Njøsaelvi over sine breidder og berre iherdig arbeid hindra vatn i å renne inn i fylkeshuset. Dette vil ikkje Urtegård risikere ein gong til, difor blir innflyttinga i det nye fylkesarkviet til 25 millionar kroner utsett til NVE og leikanger kommune har sikra elva.
- Det nye arkivet står ferdig i desse dagar, og vi gler oss til å ta det i bruk. Men eg vil ikkje setje fart i flyttinga før vi har sikra oss mot elva, seier Urtegaard.
- Tabbe
Ei synfaring i forrige veke viste at ein ny storflaum kan gjere langt større skade enn novemberflaumen. Sjefingeniør i NVE Inge Lavoll har også sagt at det var ein tabbe å byggje det nye fylkesarkivet på elvenivå.