Hopp til innhold

Nektar å betale ein million etter Moods-konkursen

Friske fargar og glade ungar skulle sørge for millioninntekter for kjeda Barnas Hus. Så gjekk Moods of Norway konkurs. No nektar butikkjeda å betale for varene dei fekk, medan Moods startar opp nye butikkar fleire stadar i landet.

Barnas Hus og Moods of Norway

KRANGEL OM KLEDE: Kjeda Barnas Hus satsa stort på barnekleda frå Moods of Norway. Det enda opp i retten. Slik reklamerte Barnas Hus for kleda dei skulle selje i 2015.

Foto: Skjermdump

Barnas Hus har butikkar over heile landet og satsa mykje på barnekolleksjonen frå Moods. Dei bestilte varer for 2,7 millionar. Men i 2017 small bomba. Motegründerane frå Stryn var konkurs.

I ein dom frå Oslo tingrett kjem det fram at Barnas Hus var misnøgde med at dei ikkje hadde fått alle kleda dei hadde bestilt og dei nekta også å betale for det dei hadde fått.

I dommen står det også at dei meiner at merkevara Moods blei øydelagt av konkursen og fordi dei tidlegare eigarane fekk kjøpe opp at varene i konkursbuet.

– Dei har øydelagt marknadsverdien på merkevara Moods of Norway gjennom sal til andre kundar til sterkt reduserte prisar, hevda Barnas Hus i retten.

Dumpa kleda på sal

I staden for å hamne i ulike butikkar, blei Moods-kleda selde til dumpingprisar i Moods sine eigne butikkar.

I Oslo tingrett blei Barnas Hus dømde til å betale over ein million kroner til konkursbuet, men det nektar dei framleis å gjere.

– Vi kjem til å anke, seier advokat Johannes Sundet.

Dermed vil det framleis gå lang tid før behandlinga av den store konkursen kan gjerast heilt ferdig.

– No er det så vidt eg veit ikkje sendt inn nokon anka enda. Vi meiner jo at dommen frå tingretten er rett og at det er ein god og grundig dom. Ein anke vil jo forlenge buhandsaminga, seier bustyrar Asbjørn Løvik.

Lite att til kreditorane

Sidan 2017 har han hatt handa på behandlinga av konkursen i Moods-selskapa og jobben har i stor grad handla om å drive inn pengar til buet.

– Det som har tatt tid er inndriving av pengekrav, og det tar gjerne litt tid, seier Løvik.

Men det blir det ikkje mange kronene til alle som hadde pengar til gode då Moods of Norway gjekk konkurs.

– Midlane vil gå til dei prioriterte kreditorane. Det vil først og fremst seie lønsgarantifondet som har forskottert løna til dei tilsette. Dei andre kan ikkje rekne med å få noko, slår Løvik fast.

Startar opp att butikkar

Torsdag førre veka opna Moods opp att butikken sin i Stryn. Vekke er vaffeljerna, traktorane og dei rosa fargane.

Det nye selskapet vil ikkje ha noko med det gamle å gjere, sjølv om folka er mykje dei same.

Då NRK spurte styreleiar i «nye Moods», Jan Egil Flo, om kva han meiner om det som no skjer med konkursbuet, blir han kort.

– Ingen kommentar, er alt Flo vil seie.

Jan Egil Flo i Moods of Norway foran stengt butikk

GJEKK KONKURS: Jan Egil Flo var styreleiar i Moods-selskapa. No er han styreleiar i selskapet som har starta opp att nye butikkar.

Foto: Silje Guddal / NRK