Hopp til innhold

Nekta straffskuld for aktlaust bildrap

Den tiltalte bussføraren (56) etter Fardal-ulukka i fjor sommar, nekta straffskuld då rettssaka starta mot han i dag.

To bussar frontkolliderte ved Fardal i Sogn

SAMANSTØYT: To personar omkom då ein svensk turistbuss og ein lokal rutebuss krasja ved Fardal i Sogndal.

Foto: Christian Blom / NRK

Mannen set i Sogn tingrett tiltalt for aktlaust drap etter at ein lokal rutebuss og ein svensk turistbuss krasja ved Fardal, like vest for Sogndal 12. august.

Ei kvinne frå Ålesund og ei taiwansk kvinne omkom i ulukka. Dei to sat i kvar sin buss.

Aktor Anette Stegegjerdet Norberg (t.h.) i samtale med forsvarer Geir J. Kruge.

I RETTEN: Aktor Anette Stegegjerdet Norberg (t.h.) i samtale med forsvarer Geir J. Kruge.

På spørsmål frå dommar Lars Varden nekta den tiltalte bussføren, som førte den svenske turistbussen, straffskuld for samtlege tiltalepunkt.

– Eg må leve med sorga. Eg kan bevise at eg ikkje er skuld i at to unge menneske mista livet, sa han då han starta si forklaring.

Kritisk mot politiet

For å bevise sin uskuld, gjekk 56-åringen i vitneboksen med fleire bilete og eiga forklaring på kvifor ulukka skjedde. Han var lite nådig mot politiet i si forklaring og avviste blankt at han var noko dårleg førar.

– Politiet har lagt lok på informasjonen. Eg har ikkje fått noko anna enn paragrafar å halde meg til. Eg er ikkje jurist, sa han.

Mannen vart avhøyrd dagen etter ulukka og i byrjinga av november.

– Det var som ei tre dagar lang heksejakt. Eg var førehandsdømd allereie same kvelden. Og det var spekulasjonar om eg var dårleg sjåfør. Eg er ikkje det. I alle aviser og medier, var det «Den svenske sjåføren, svenske sjåføren». Eg er den svenske sjåføren, heldt han fram og reiste seg opp og snudde seg mot retten og tilhøyrarane.

Køyrde veka før

Forsvarar Geir J. Kruge

NEKTA STRAFFSKULD: Advokat Geir J. Kruge (t.v.), her saman med hjelpar Jens Thomas Tommesen, er forsvarar for den sikta 56-åringen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Reisefølgjet på 23 turistar var inne i sin tredje av eit fire dagar langt opphald i Norge. Føraren forklara at han kjende seg opplagt. Den siste pausen var ein fotoseanse ved Bøyabreen i Fjærland, kring 43 kilometer før ulukkespunktet.

Mannen forklara at han har køyrt strekka eit hundretals gonger. Seinast tre gonger veka før ulukka. Samanstøyten skjedde i ein svak sving. Vegen er smal.

På spørsmål frå aktor Stegegjerdet Norberg meinte han at to bussar ikkje kan passere samstundes på ulukkespunktet utan at det er kontakt. Det er 60-sone på staden.

– Eg brukte 2/3 av vegbana og heldt ein fart på 60-66 kilometer i timen. Eg såg rett fram og konsentrerte meg om vegen. Eg såg bussen 100 meter lenger framme og flytta på bussen. Så kom smellen og skrika, og eg tenkte at no døyr eg. Stolen min vart vridd og rattet knekt, og kunne ikkje då styre bussen, sa han under forklaringa.

– Fantes ikkje spor

Aktor Stegegjerdet Norberg trekte fram konklusjonar frå Statens vegvesen sin tekniske rapport. Samlekonklusjonen er at den svenske turistbussen mest truleg har vore delvis over midten av køyrebana.

Vegbana var våt då ulukka skjedde og spor etter køyretya vart først oppdaga etter at vegbana var tørka.

Samstundes viste spor frå den norske bussen at den var plassert på kvitestripa. Frå denne vart det funne spor av begge framhjula.

– Korleis? Det fantes ikkje spor etter bussane. Dette er deira gjetting, svara han og la til at ein buss ikkje vil kunne setje spor etter seg når hjula ikkje kan blokkerast.

Bremsa siste sekundet

Fartsskrivaren viser at den svenske bussen først mista fart det siste sekundet før samanstøyten. Utrekningar viser at bussførarane burde sett kvarandre i fire sekundar før samanstøyten.

Aktor Stegegjerdet Norberg ville vite kvifor den svenske bussføraren ikkje bremsa før.

– Eg ser han, vurderer og gjer unnamanøver med tanke på at vi skal passere, sa han og deretter avviste vitneobservasjonar som såg han vende ansiktet vekk frå møtande trafikk.

– Var fart og køyrestil tema som guiden tok opp med deg etter at to-tre turistar meinte du køyrde for fort?

– Det gjorde han ikkje. Vi hadde ei perfekt reise til ulukka skjeddet. Dette er det første gang eg høyrer.

Avsluttar fredag

Det er sett av fire dagar til rettssaka. Det vert onsdag lagt opp synfaring på ulukkesstaden, samt synfaring av dei to ulukkesbussane.

Aktor Anette Stegegjerdet Norberg opplyste at vitneføringa blir avslutta torsdag. Prosedyrar blir fredag.