Hopp til innhold

Nekta helsesjefar å delta på møte

Styret i Helse Førde bestemte at administrasjonen ikkje skulle delta på folkemøtet på Nordfjordeid tysdag kveld.

Vel 300 personar møtte opp på Operahuset på Nordfjordeid for å slå ring om lokalsjukehuset. Men ingen frå administrasjonen i Helse Førde var å sjå i salen.

- Midt i utgreiing

Styremedlem Anny Felde sa at dei hadde kome fram til at administrasjonen ikkje skulle kome og høyre innspela frå folket i Nordfjord.

- Vi har bestemt at administrasjonen ikkje skal vere her i dag, sa Felde og forklarte det med at administrasjonen er midt inne i ei utgreiing av kva tilbod ein skal ha på sjukehusa i fylket.

Dette arbeidet skal behandlast i styret i desember. Bakgrunnen er ein rapport som konsulentselskapet Price Waterhouse Coopers som utarbeidde i sommar som stilte spørsmål om Helse Førde brukar for mykje pengar og bør vurdere om tre ortopediske avdelingar i fylket er for mange.

- Skadedyr i Helse Førde

Dei som møtte frå Helse Førde var styremedlemene Anny Felde, Randi Fagereng og Rune Larsen. Dei fekk høyre klar og svært tydeleg tale frå aksjonistar, helsearbeidarar og folk i Nordfjord.

Kommunelege i Vågsøy Trond Inselseth til dømes sa at ein sit med ei kjensle av at " det er skadedyr i dette huset", og meinte med det at det no er ei usagt mål i Helse Førde om at det berre skal vere eit sjukehus i Sogn og Fjordane.

- Helse Førde har gått frå å bruke ostehøvel til å bruke undergraving, og prosessen som no pågår minnar om husbukk eller maur som litt etter litt svekkar lokalsjukehusa.