Hopp til innhold

Politiet: -Du snakka i mobilen. Tiltalte: -Nei, eg hadde migrene og masserte tinningen

Ein mann i 40-åra blånekta for at han hadde snakka handhalden mobiltelefon då han var ute og køyrde bil. Dermed hamna saka i tingretten.

rettsal

MOBILBOT I RETTEN: Ein mann frå Sogn må betale bot og sakskostnader etter at han snakka i mobiltelefon medan han køyrde bil.

Foto: Oddleif Løset / NRK

24. januar i fjor var mannen på veg gjennom Sogndal i ein varebil og ved Shell-stasjonen stod politiet på lur og venta. Mannen blei stoppa og politiet gav han eit forenkla førelegg for bruk handhalden mobiltelefon.

Men den røynde yrkessjåføren var slett ikkje samd i at dette hadde skjedd, og nekta å vedta førelegget. Slik hamna den relativt uskuldige saka i tingretten, og der måtte både mannen og den aktuelle politibetjenten vitne.

I retten peika politibetjenten på at ho hadde stoppa mannen klokka 12.40, og på tiltalte sin mobiltelefon var det eig avbrote anrop nøyaktig same tida. På telefonen var det og registrert ein samtale med 1881 berre eit par minutt før.

Mannen hevda i retten at han slett ikkje snakka i telefonen, men at han derimot brukte den venstre handa si til å massere tinningen på grunn av migrene.

Tingretten valde uansett å stole mest på politimannen sine observasjonar av det som hende, og er overtydde om at han faktisk snakka i mobiltelefon – og ikkje masserte seg på tinningen ...

Mannen blei dømd til å betale ei bot på 1600 kroner og sakskostnader på 3000 kroner.