Hopp til innhold

Han nekta for å ha køyrt med promille, men tingretten trudde han ikkje

Fjordane tingrett har dømt ein mann i slutten av 20-åra til fengsel i 26 dagar for promillekøyring. Mannen nekta for å ha køyrt bilen, men vart ikkje trudd av retten.

Fjordane tingrett 6
Foto: Arne Stubhaug / NRk

Det var tidleg ein morgon i slutten av juni 2013 ein bil vart funnen utfor vegen ned mot ei elvebreidd. Nokre timar seinare fann politiet tiltalte i eit husvære nokre hundre meter frå staden bilen køyrde utfor.

Blodprøven viste eit alkoholinnhald på 1,41 promille, og politiet har rekna ut at han må ha hatt 1,76 promille på den tida utforkøyringa skjedde.

Den tiltalte sa i forklaringa si at han ikkje hugsar noko frå det aktuelle tidsrommet, men at han ikkje kunne tru at han hadde køyrt med promille. Han meinte at andre kunne ha køyrt, men kunne ikkje namngje nokon.

Dette fann ikkje retten truverdig. Politiet fann mold på buksa til tiltalte, mold av same typen som finst ved elvebreidda, og dei fann mobiltelefonen hans attmed bilen.

Retten meiner mannen har køyrt dei 28 kilometrane frå utestaden der han var om kvelden og til der bilen køyrde utfor. Då var han to-tre kilometer frå bustaden sin.

Dermed vart han funnen skuldig i promillekøyring, og han vart dømd til fengsel utan vilkår i 26 dagar og ei bot på 8000 kroner. Han blir og utan førarkort i to år og seks månader.