Nekta å seie namnet sitt

Ein person i Måløy laug om både namn og alder til politiet natt til laurdag. – Han skjønte raskt at det var dumt gjort, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt. No kan festdeltakaren vente seg ei oppfølging frå politiet si side.