Nekta å køyre ombord i ferja

70 køyretøy på Bulandet og Værlandet deltok torsdag i ein impulsaksjon mot Fjord1 Fylkesbaatane.

Værlandet ferjekai
Foto: Kurt Rutledal
Heidi Kjempenes (t.v.) og Linda Landøy
Foto: Kurt Rutledal

Billistane protesterte mot at den opne ferja "Fjalir" er sett inn i trafikk på strekninga Askvoll-Værlandet.

Øybuarane meiner ferja ikkje er god nok for den verharde strekninga.

- Aksjonen var ikkje planlagd, men då  ferja kom stilte køyretya seg opp på kaia, men nekta å køyre ombord, seier Heidi Kjempenes i Bulandet Grendelag.

Gravemaskiner

- Dette var mobilisering av nokre få timar. Det møtte 70 køyrety og mykje folk. Tre oppstillingsfelt var fulle, men det var ingen som reiste med ferja. Alt frå pensjonistar i små elbilar til traktorar og gravemaskiner deltok.

- Korleis var stemninga på kaien?

- Folk synest det trist når ferja ikkje kjem på grunn av dårleg ver. Det er ikkje dette vi skal måtte reise med framover, meiner Kjempenes.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.