Hopp til innhold

Nekta å gå då restaurant stengde

Det har vore ei høvesvis roleg helg på politifronten. Men litt har politiet hatt å hanskast med.

Like over midnatt måtte politiet i Florø ta hand om ei kvinne som ikkje ville forlate staden ved stengjetid.

Vedkommande vart køyrt heim.

Tenåringsfest

Nokre minuttar seinare, og framleis i Florø, fekk politiet melding om feststøy frå ein privat bustad. Her viste det seg at 40-60 gjester i tenåra var samla. Politiet sette punktum for festen.

I 04-tida blåste ein bilførar 20-åra over lovleg promillegrense i Gaular. Mannen vart framstilt for blodprøvetaking og fekk førarkortet beslaglagt. Politiet opplyser at saka blir etterforska ved Førde lensmannskontor.

170 kontrollerte

Det har også vore halde fleire trafikkkontrollar i fylket. Laurdag kveld fann politiet ingenting å setje fingeren på då dei kontrollerte 75 køyretøy i Sogndal sentrum.

Natt til søndag vart 67 bilførarar kontrollerte ved Ljøsne i Lærdal. Ein førar fekk forenkla førelegg for manglande sikring av barn.

Seinare på natta var politiet i Sogndal på nytt ute i sentrum, men heller ikkje dei 28 kontrollerte førarane fekk noko reaksjon.