Nekta å flytte inn i omsorgsbustad etter sølvkre-funn

Dei gjer ikkje fysisk skade, men småkrypa kan gje deg psyksisk stress som ikkje er bra.

Sølvkre

INVADERER BYGG: Desse småkrypa Sølvkre (Lepisma saccharina) skapar no problem i ei rekke offentlege bygg i Luster.

Foto: Anticimex

I Luster har dei fått problem med sølvkre i fleire offentlege bygningar. I eitt tilfelle måtte kommune finne alternativ bustad til ein eldre person.

– Det stemmer, og vedkomande fekk då tilbod om ein annan bustad. Andre som eg har snakka med og som bur i same huset, seier at det ikkje er noko problem å bu der sjølv om det er sølvkre der, seier kommuneoverlege Knut Cotta Schønberg i Luster kommune.

– Dette er noko vi berre må leve med, seier Schønberg.

Ei rekke offentlege bygg i Luster har fått problem med sølvkre, men fenomenet er langt frå nytt.

– Må leve med det

Knut Cotta Schønberg

Kommuneoverlege i Luster Knut Cotta Schønberg

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sølvkre er små kryp som trivst godt på stader med høg luftfukt, og mest vanlege å finne på bad og kjøkken og i kjellarar med fuktig og varme rom. Dyra er ikkje skadeleg for menneske, men:

– Det er eit skadedyr som stort sett ikkje gjev materielle skadar. Det som kan vera problematisk er det psykiske stresset enkelte kan føle på når dei får inn sølvkre i heimen, seier seniorforskar Bjørn Arne Rukke ved Folkehelseinstituttet.

Skjeggkre på limfelle

FELLE: Slike limfeller fungerer både for å bli kvitt sølvkre og skjeggkre.

Foto: Mycoteam

Sølvkre har vore i norske bustadar i fleire tiår, men dei siste åra har det blitt ein auke av slektningen deira, skjeggkre. Dei siste åra har fleire norske bustadar blitt invadert av skjeggkreet. Og har ein først fått sølvkre er det store sjansar for å få skjeggkre som et sølvkre.

Stor auke

Skjeggkre er ganske like på sølvkre, men den er om lag 50 prosent større og er meir motstandsdyktig.

– Dei siste to til tre åra har vi fått ei stor auke i oppdrag knytt til skjeggkre. Før var det mest sølvkre, seier Frode Mjelde Thuland, konsulent i Anticimex, som driv med skadedyrutrydding.

Skjeggkre

STØRRE: Skjeggkre er om lag 50 prosent større enn sølvkre.

Foto: Nokas skadedyrkontroll

I Luster har kommunen laga rutinar for å kvitta seg med sølvkre-problemet. Det inneber blant anna hyppig støvsuging. Eit råd som skadedyrbekjemparen også vil gje.

– Ein bør støvsuge godt i alle krikar og krokar om lag kvar sjette til åttande veke. Det er den beste måten å overvinna problemet på. Ein kan også bruke limfeller, men ein bør unngå giftprodukt, seier Thuland.