NRK Meny
Normal

BÆ! Nei, men er det ikkje??? Jau, så sanneleg!

Dette biletet er teke for eit par dagar sidan. Ser du noko som ikkje stemmer heilt med årstida?

Søye fekk lam i september

HÆ?: - Eg måtte gni meg i auga og sjå to gonger då eg oppdaga den vesle krabaten i saueflokken, seier Inge Raa, som har drive med sau i ein mannsalder og litt til.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Såg du det? Viss ikkje skal du få litt hjelp på vegen.

I Lærdal ruslar nemleg ei søye og beitar. Saman med eit bittelite, svart lam. Og dét er ikkje kvardagskost når kalenderen syner slutten av september.

– Nei, det er ikkje heilt etter boka, ler Inge Raa (75). Det var porten.no som først skreiv om saka.

Raa er kårkall på garden som sonen Petter Rumohr Raa driv, og hjelper til der det trengst.

Trudde ikkje sine eigne auga

10. september var det sauesank, og familien Raa sanka ned vel 90 sauer. Likevel mangla det nokon, men desse har såkalla databjølle, og den teknologiske nyvinninga gav klare indikasjonar kva fjellområde sauene var i.

– Vi drog opp i eit området som vert kalla Finnsholet, der vi fann ein fin flokk.

Under drifta heim, var det ingen som la merke til noko rart. Men det endra seg raskt dagen deretter.

– Plutseleg såg eg eit lite, nyfødd lam, som stabba rundt ved sidan av mora. Det hadde tydelegvis komme til verda i løpet av natta, seier Raa.

Kjekk kar

UVITANDE: Sjarmøren, som er av rasen Suffolk, er lukkeleg uvitande om alt oppstyret han har ført til, men er frisk og rask og veks godt.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Kunne vore eit lett bytte for rovdyr

Han trur det var den lange marsjen over fjellet som har sett fødselen i gang for søya.

– Vi får berre prise oss lukkelege over at ho ikkje fødde oppe på fjellet. Då hadde lammet vore eit lett bytte for rovdyra, seier Raa.

Dei fleste sauebønder legg opp til at søyene skal lamma i mars/april, men det hender frå tid til anna at sauene ikkje alltid finn seg i styrt reproduksjon.

– Det er alltid nokon om våren som ikkje har teke lam, og dei slepper vi i uthagen under lamminga. Då har vel desse sjarmørane kosa seg med henne, tenkjer eg, ler Raa.

Han er litt uroa for om søya no har komme heilt i utakt, med tanke på brunst i november då sauene normalt sett vert bedekte.

– Men vi får prøve å få ho inn att i takt, seier Raa.

Veks og trivst

IVRIG: - Knapt to veker gammal er Sjarmøren alt i gang med å ete kraftfôr, så han klarar seg godt, seier Inge Raa.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Må nok bli heitande Sjarmøren

Det vesle lammet er eit vêrlam, noko som gir slette odds for eit langt og godt liv.

– Men han får nok leve i vinter, så får vi sjå, seier Raa, som stadig har skodelystne innom på garden for å sjå på sensasjonen.

– Har lammet fått namn?

– Nei så langt har vi ikkje komme. Men det må vel bli Sjarmøren, vel, seier Raa.

I si lange tid som bonde har han berre opplevd liknande éin gong før, for vel 40 år sidan.

– Det lammet kom like før jul. Eg hugsar vi tok med lammet inn i huset og tok bilete framfor juletreet saman med borna. Det var greier, ler Raa.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.