NRK Meny
Normal

Nei, ja og tja i Gloppen og Eid

Folkerøystingane i Eid og Gloppen måndag kveld gav ikkje det svaret alle politikarane håpa på.

For medan eidarane gav eit tydeleg JA til ei samanslåing med Gloppen, var stemninga på andre sida av fjorden motsett. Som det går fram av grafane i denne saka så sa eit knapt fleirtal på 50,8 prosent nei, 47,1 prosent sa ja.

– Eg tykkjer det er synd. Personleg hadde eg håpa at det blei ja, seier ordførar i Gloppen Magni Aa Berge (Sp).

I Eid var det langt fleire som meinte at det no er på tide med ein felles kommune på begge sider av fjorden. 56 prosent sa ja, 39 prosent sa nei.

– Det eg er veldig godt nøgd med, er at vi har fått eit eintydig råd frå innbyggarane på at eidarane ja, seier Alfred Bjørlo, som er ordførar i Eid.

Frammøteprosenten var langt større i Gloppen enn i Eid. 67 prosent av dei røysteføre i Gloppen møtte fram, medan tilsvarande tal for Eid var 49,3 prosent.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå