Planane til kommunen er eit anlegg som skal vise korleis folk budde i vikingtida.
Rekonstruksjon av vikinggarden på Ytre Moa på Bergen Museum. Arkivfoto Arild Nybø NRK
- Forstår ikkje
Kultursjef i Årdal, Steinar Lægreid, reagerer kraftig på avslaget frå Riksantikvaren. - Dette har vi jobba med i tre fire år. Skal vi bli nekta, forstår eg ikkje kvifor det vart løyve til å byggje besøkssenter ved Borgund stavkyrkje, eg forstår heller ikkje kvifor dei får byggje i Ausevika i Flora, seier Lægreid.
Stor vikinggard
På Ytre Moa ligg eitt av dei mest komplette funna av eit gardsanlegg frå vikingetida som er gjort i Noreg. Anlegget Årdal kommune ynskjer å bygge skal vise korleis folk budde her for meir enn tusen år sidan.
"Vil øydelegge kulturminnet"
Men Sogn Avis kan i dag fortelje at Riksantikvaren meiner anlegget vil øydelegge kulturminnet. For kultursjef Steinar Lægreid er det eit argument som er heilt uforståeleg. - Området har lege attgrodd i 40 år. Er det slik ein skal stelle fornminne her i landet, så lurer eg på kva kulturpolitisk syn som rår, seier kultursjefen i Årdal. Han meiner Riksantikvaren ikkje er i takt med den stortingsmeldinga som Miljøverndepartementet har sendt ut.
Planen var start til hausten
No har kommunen seks månader på å klage. Men teikninga og prosjekteringa er alt godt i gang, det er hogge tømmer til husa, og planen var byggjestart til hausten.