NRK Meny
Normal

Nei til samanslåing kan koste dei millionar

Kommunane Eid og Gloppen kan kome til å tape til saman over 14 millionar kroner, kvart år, om dei ikkje slår seg saman.

Åslaug Krogsæter - rådmann eid Ordførar Bjørlo Svein Ottar Sandal - Gloppen Krf Varaordførar Magni A

NYTT INNTEKTSSYSTEM: Rådmann i Eid Åslaug Krogsæter, ordførar Alfred Bjørlo (V), Svein Ottar Sandal, (Gloppen KrF), varaordførar Magni Aa Berge (Sp) Gloppenordførar Leidulf Gloppestad (Sp), rådmann i Gloppen Jan Kåre Fure, varaordførar i Eid Eli Førde Aarskog (H), og Siri Sandvik, Eid Ap.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det kjem fram i utrekningar KS har gjort av det nye inntektssystemet regjeringa foreslår. Fylket har òg vinnarar, som kjem betre ut med det nye systemet, men desse er ikkje å finne i indre Nordfjord.

– For Eid sin del snakkar vi om sju millionar kroner i året. Det er klart at det er kolossalt mykje, seier Alfred Bjørlo, som er ordførar i Eid.

Pisk eller gulrot

Ordførarane Alfred Bjørlo og Leidulf Gloppestad kjem rett frå eit møte om kommunesamanslåing mellom Eid og Gloppen. I Sanner sitt forslag til nytt inntektssystem for kommunane les dei to raude tal. Over 14 millionar til saman, kvart år.

Alfred Bjørlo

STORE TAP: Alfred Bjørlo (V) er ordførar i Eid.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er kolossalt mykje i ein kommuneøkonomi der ein nær sagt balanserer på kvar einaste krone, seier Bjørlo.

Nokre kallar inntektssystemet ei gulrot, andre pisk for kommunesamanslåing. Gloppestad vil vente på fasiten frå Stortinget som kjem i juni.

– Vi veit jo at regjeringa ynskjer å bruke pisk for å få det gjennom, men det skal vedtakast i Stortinget. No får vi få det vedtatt, og så få får vi ta stilling til det då, seier Gloppestad.

Høyanger i pluss

Vik, Solund og Høyanger kjem ut i pluss, truleg på grunn av lang veg til nærmaste sentrum med 5000 innbyggjarar og folkesamansetnaden. Ordførar Petter Sortland kan lese av 2,5 millionar i pluss, i tala frå KS.

Petter Sortland held fram som ordførar

BLANT VINNARANE: Petter Sortland (Ap) er ordførar i Høyanger.

Foto: Privat

– Det er sjølvsagt gledeleg. Eg må vel vedgå at Høyanger ikkje alltid kjem ut i pluss når ein har rekna på kriterium i forhold til kommuneøkonomi.

– Sjølv om Høyanger no kjem ut i pluss, kva tenker du om heilskapen i det nye inntektssystemet?

– Etter det eg ser så er det meir minus enn pluss. Det er ikkje mange kommunar som er i pluss, og for mange kommunar er det skummelt høge tal. Ein er jo såpass fylkespatriot at ein ynskjer alle kommunar i fylket vel, seier Sortland,

Vil bruke tid

Tilbake i Nordfjord kan Eid og Gloppen unngå millionar i minus, og heller sikre seg fleire hundre millionar kroner i framtidige tilskot om dei slår seg saman, for då får dei behalde dagens tilskot 15 år fram i tid.

– Om ein skal kalle det ei gulrot eller ein pisk kjem vel an på auge som ser, men det er klart at det er lagt inn nokre tydlege verkemiddel her for å få til kommunesamanslåing, seier Bjørlo.

Leidulf Gloppestad

VIL BRUKE TID: Leidulf Gloppestad (Sp) er ordførar i Gloppen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Bjørlo meiner det opp til ein sjølv om ein vil sikre seg desse millionane. Forhandlingspartnaren på sørsida av fjorden vil ta seg tida, og vente til Stortinget har sagt sitt.

– Utgangspunktet til Sanner er at vi skal nå 2020. Vi skal bygge ein struktur for Kommune-Noreg som skal stå seg i 40–50–60–70 år fram i tid. Då får vi bruke fire fem månadar no så vi veit kva vi skal styre kommunane etter, seier Gloppestad.

Vegopning på Bergum i Førde kommune