Hopp til innhold

Nei til sal av Fjord1

Berre Høgre i fylkesutvalet vil ha nye eigarar inn i selskapet Fjord1. Alle dei andre partia vil at fylkeskommunen skal skaffe dei pengane som Fjord1 har bede om.

Ferje ved kai i Værlandet. Arkivfoto.
Foto: Steinar Lote/NRK

Fjord1 vil ha meir musklar for å kunne kjempe om nye store ferjesamband rundt i landet. Reiarlaget treng 250 millionar kroner i ny aksjekapital, og har bede eigarane, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkeskommunar, om dette.

- Sunt med nye eigarar

Men Mathias Råheim frå Høgre meiner fylkeskommunen ikkje har råd. Dei skal byggje så mykje næraste åra, og meiner andre med pengar må sleppe til.

- Vi har gjort vedtak i fylkestinget som gjer at vi har behov for pengane sjølve. Det kan og vere fornuftig å få inn nye eigarar, meiner Råheim. 

Fryktar private eigarar

Men Harry Mowatt frå Arbeidarpartiet, saman med alle dei andre partia, er av ei anna meining.

- Vi må vere i stand til å skaffe selskapet pengar i lag med Møre og Romsdal fylkeskommune, og då treng vi ikkje private eigarar. Må vi ut på den private marknaden kan selskapet fort verte børsnotert, og dermed kan det godt hende at vi får inn aggressive eigarar som over tid vil leggje ned arbeidsplassar i fylket, fryktar Mowatt.